Aktiviteten i 2017 vart prega av politisk arbeid med markeringar i førekant av og under brotet i Jordbruksforhandlingane som det mest tidkrevjande, seier Rørtveit.  Elles legg vi årvisst til rette for at 8. klassingane i Stryn kan kome på gardsbesøk.  Dei tre bruka som stilte opp som vertsgardar i år fortener stor ros for den jobben dei gjer held leiaren fram.  8. klassingane fekk vere med på besøk hos Kirkeeide Samdrift, hos Torunn Midtkandal og Johan Øvreeide Godø og på garden til Anders Kleppe.

Styret i Stryn Bondelag 2017/2018  f.v.: Ingebrigt Kyrkjeeide, Jørgen Fure, Bjørn Rørtveit, Lars Henrik Skår og Stig Hoem. Kasserar Lars Tjensvold var ikkje til stades.  Foto: Nils Magne Gjengedal

Interessante diskusjonar om mellom anna kraftforpris, lausdriftsfjøs og marknadssituasjonen under bordsete på årsmøtet i Stryn Bondelag.