Ja til ei bærekraftig utvikling av pelsdyrnæringa
- Det er gledeleg at regjeringa går inn for at det framleis skal vere mogleg å drive med pelsdyr i Norge, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Anders Felde
Krava til korleis ein kan drive med pelsdyr vert skjerpa. Den store endringa kjem for mink, der det i framtida berre blir lov å ha to mink pr. bur, mot dagens regelverk som opnar for inntil fire. Bondelaget skulle gjerne sett at ein gjekk frå fire til tre dyr pr bur, i staden for to. Endringa fører til svekka konkurranseevne mot utlandet, og gir også ei vesentleg svekking i inntekta til dei som driv med mink. Med vesentleg reduksjon i tal mink i Norge, vil også forprisen gå opp og dette gir igjen svekka lønnsemd.
Bondelaget forventar at endringar på mink ikkje skjer over “natta”, og at næringa for tid til å tilpasse seg dei endra krav til oppdrett av mink. Bondelaget meinar at det framleis vil vere mogleg å drive med mink i Norge, sjølv med endra rammebetingelsar.
Sogn og Fjordane Bondelag forventar også at Stortinget går for ei bærekraftig utviklng av peldyrnæringa.
Her kan du lese om Norges Bondelag sitt syn på innhaldet i meldinga
Her kan du lese sjølve meldinga