Krava til korleis ein kan drive med pelsdyr vert skjerpa.   Den store endringa kjem for mink, der det i framtida berre blir lov å ha to mink pr. bur, mot dagens regelverk som opnar for inntil fire.   Bondelaget skulle gjerne sett at ein gjekk frå fire til tre dyr pr bur, i staden for to.   Endringa fører til svekka konkurranseevne mot utlandet, og gir også ei vesentleg svekking  i inntekta til dei som driv med mink.   Med vesentleg reduksjon i tal mink i Norge, vil også forprisen gå opp og dette gir igjen svekka lønnsemd.

Bondelaget forventar at endringar på mink ikkje skjer over “natta”, og at næringa for tid til å tilpasse seg dei endra krav til oppdrett av mink.  Bondelaget meinar at det framleis vil vere mogleg å drive med mink i Norge, sjølv med endra rammebetingelsar.

Sogn og Fjordane Bondelag forventar også at Stortinget går for ei bærekraftig utviklng av peldyrnæringa.

Her kan du lese om Norges Bondelag sitt syn på innhaldet i meldinga

Her kan du lese sjølve meldinga