Inviterte fylkesvaraordføraren med på temadag om landbruk

Publisert 11.12.2019
  • Tips en venn om denne siden

- Vi må produsere meir av maten vi treng til eiga befolkning, sa mellom anna fylkesvaraordførar Natalia Antonia Golis frå partiet MDG i møte med representantar for landbruket og fylkesbondelaget i Lærdal og Aurland

- Det er ikkje tvil om at vi i dag importerer for mykje mat som vi like godt kan produsere sjølv med utgangspunkt i eigne ressursar, held Golis fram.  Det ville vere bra for både miljøet, klima og beredskapen vår at vi nyttar dei moglegheitene vi har til å produsere mat på eigne ressursar.   Fylkesleiar Anders Felde er sjølvsagt heilt samd med fylkesvaraordføraren i at importen er for høg.  Den store importen går ut over både beredskapen og arealbruken vår. 

 

Første stopp på temadagen i Indre Sogn var hos Lærdal Grønt i Lærdal.  Der orienterte nestleiar i styret Ivar Petter Grøtte, mellom anna om trongen for å samarbeide.  Åleine vert vi for små.  Skal vi verte interessante for varemottakar må vi samle kreftene og volum i ein rasjonell varestraum, sa mellom anna Grøtte.

- I Vestland skal vi jobbe knallhardt for å auke vår del av frukt, bær og grønsakproduksjonen, men uansett om den vert dobla, så er vi heilt avhengige av å kunne produsere gras.  I dag vert 2 % av arealet i Vestland nytta til frukt, bær og grønsaker medan heile 98 % av arealet er brukt til produksjon av gras. Ved ei dobling av grøntproduksjonen vil vi framleis verte dyrka gras på 96% av arealet.    Arealbruken i Vestland er avhengig av det underet det er at drøvtyggjarar omdannar det lågverdige proteinet i gras til høgverdig protein for oss menneske i form av kjøt og mjølk.  Utan dette underet er dessverre alternativet at areal går ut av drift.  Det ynskjer vi absolutt ikkje sa ein tydeleg Felde.

Frå Lærdal Grønt gjekk turen vidare til bonde Jens Reidar Ljøsne for å sjå på moderne mjølkeproduksjon.  Ljøsne har bygd ny kaldfjøs i tre med mjølkerobot.  Ljøsne er mykje større enn gjennomsnittsbonden i fylket, og det å vere mjølkebonde i samspel med grøntproduksjon gjer at dyra kan få ein meir variert forseddel enn gjennomsnittskua i fylket.  Slik sett er Ljøsne sitt bruk litt atypisk, men mjølkeroboten som han nyttar er den same reiskapen som vi må gjere det mogleg for mindre mjølkeprodusentar å investere i, seier fylkesleiar Anders Felde.   For fylkesvaraordføraren var det første gongen ho fekk sjå mjølkeroboten i bruk. 

F.v. Jens Reidar Ljøsne, Natalia Antonia Golis og Anders Felde let seg imponere av teknologien.

Frå flatlandsjordbruk i Lærdal gjekk turen vidare til dei bratte bakkane på Lie i Aurland.  Der driv familien Lie med mjølkeproduksjon på geit.  Kontrastane kunne knapt vore større.  Det er ikkje tvil om at Vestlandsjordbruket er mangfaldig.   For bøndene i bakkane på Lie er det sjølvsagt nyttig med driftsvansketilskot og tilskot til dyr på utmarksbeite, men aller helst ville familien hatt betre betalt for maten dei produserer.

Praten gjekk lett kring kjøkenbordet til Einar og Gøril Lie i Aurland.  Også geitebonde Sigurd Vikesland (t.v.) deltok i dialogen om beitebruk, pris på produkt, ressursutnytting, kjekjøt, driftsvansketilskot og kvardagslivet som geitemjølkprodusent i bratt terreng.  På menyen stod mellom anna heimelaga eplesaft, tørka eple, plommesylte, brunostkake og heimelaga geitost i 3 variantar.  Gode matopplevingar kring eit historisk bord som var nytta til skrivebord den gong det var omgangsskule på gardane på Lie.

- Nok ein spanande dag på jobben med god dialog, engasjement og kunnskapsbygging i møte mellom bønder og politikar, avsluttar ein nøgd Felde.

 

 

 

Ringorm-seminar

Ringorm-seminar

3.mars vart det arrangert ringorm-seminar i Oslo, sjå seminaret på video her.

- Eg ser lyst på beitesesongen

- Eg ser lyst på beitesesongen

Landbruks- og matdepartementet har fastsatt reglar som gjer det mogeleg å bruke ulike typar salt til beitedyra i Nordfjella.

Her underviser Gert Runar elevane

Her underviser Gert Runar elevane

Gert Rune Rørvik underviser på Mo og Øyrane vidaregåande skule, avdeling Mo. For tida har han nettundervisning for elevane grunna koronaviruset. Heimekontoret deler han med borna sine.

- Me har sett i gang tiltak

Aukar beredskapen

Koronaviruset gjer at landbrukstenester Sogn SA har auka beredskapen.

- Me jobbar for å finne løysingar

- Me jobbar for å finne løysingar

For å bremse spreiinga av koromaviruset, har fleire land innført restriksjonar på reiser. Dette kan ha stor innverknad på produksjonen i landbruket, som har mange arbeidstakarar frå utlandet.

Nettundervisning

- Det er ein spesiell situasjon

Sigbjørn Norddal er elev på Mo og Øyrane vidaregåande skule, avdeling Mo. For tida har elevane nettundervisning grunna koronaviruset.

Våre samarbeidspartnere