Vi går ein spanande haust i møte då vi skal velje representantar til det første fylkestinget i Vestland.  Vi i landbruksnæringa ynskjer å verte betre kjende med dei som stiller som kandidatar til det nye fylkestinget. - Politikarar frå noverande Sogn og Fjordane fylke kjenner vi i Sogn og Fjordane rimeleg godt til, medan vi ikkje har same kjennskapen til politikarane som kjem frå noverande Hordaland fylke, held Felde fram.

Innbydinga går til dei som har dei 5 øvste plassane på lista ved årets val. Vi ynskjer å fokusere på ulike moglegheiter og utfordringar innan landbruket i regionen.  Vi har særskild fokus på spørsmål der dei regionale politikarane og deira administrasjon har eit ansvar.  Temadagane er lagt til Indre Sogn, slik at det skal vere mogleg å nå fram frå store deler av den nye regionen.  Tema for fagdagane er slik:

Måndag 5. august: Hagevandring i Lærdal

Laurdag 17. august: Tilsyn med beitedyra i fjellet mellom Årdal og Lærdal

Måndag 19. august: Kulturminnevandring i aktivt jordbrukslandskap i Vik i Sogn

- Vi gledar oss verkeleg til å møte nye politikarar og ha ein open dialog med dei om landbruk og utviklinga av landbruksnæringa i det som er ein viktig region for produksjon av mat i Norge, avsluttar ein spent fylkesleiar Anders Felde

Om sesongen treff, kan politikarane få smake på kjøtfulle morellar på fagdagen i Lærdal :)