Frå fylkesårsmøtet 2016

 

Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag krev ein ekstraordinær investeringspakke til utvikling av landbruksnæringa i fylket.  Det er særleg trong for utviklingsmidlar til ombygging av båsfjøs til lausdrift, til å utvikle ammeku som ein framtidsretta produksjon i dei delane av fylket der areal går ut av drift og til ei større satsing på produksjon av eple og pære der det ligg til rette for det.

 

Trongen for fornying av driftsapparatet er stor.  Særleg tyngjer kravet om lausdrift frå 2024 mange mjølkeprodusentar i vårt fylke.  Dei forventar ei rask avklaring!   Med dagens verkemiddel er det ikkje økonomisk lønsamt å legge om frå båsfjøs til lausdriftsfjøs på ein slik måte at det er tilpassa ressursgrunnlaget.   For oss i Sogn og Fjordane er det ikkje mogleg å henge på ”galoppen” om ein storleik inn i det uendelege.  Arrondering, topografi og storleiken på areala set ein stoppar for det.  Mykje av stordriftsfordelane er tekne ut i dei beste landbruksdistrikta i fylket.  I nokon høve er utviklinga gått så langt at stordriftsfordelar er vortne stordriftsulemper.  Skal vi klare å oppretthalde ein stor matproduksjon krevst det investeringsverkemidlar målretta mot små og mellomstore driftseiningar.   Om ikkje dei mindre mjølkebruka vert sette økonomisk i stand til å klare overgongen frå båsfjøs til lausdriftsfjøs fryktar vi ei massiv nedlegging av jordbruksareal i fylket.  Det er ikkje automatikk i at ledig areal grunna sentralisering av mjølkeproduksjonen vert teke i bruk til andre produksjonar.   Det syner statistikken med stor nedgang i areal i produksjon.

 

Ein utviklingspakke for landbruket vil gje ekstra sysselsetjing i utbyggingsperioden og varig verdiskaping for fylket.  Fylkesårsmøtet krev

  • Målretta investeringspakke retta mot mindre og mellomstore mjølkebruk.  Det må også vere økonomisk mogeleg å bygge lausdriftsfjøs med moderne teknologi på driftseiningar med under 30 mjølkekyr.  Skal det skje må både løyvingar og tilskotsprosent hevast monaleg.
  • Målretta investeringspakke retta mot fornying av frukttrefelt (eple/pære) på Vestlandet
  • Eit investeringsløft må legge grunnlag for å kunne ta i bruk areal som er gått ut av produksjon til produksjon av storfekjøt. 

 

Eit landbruk over heile landet krev at verkemiddelbruken i mykje sterkare grad vert styrt mot dei delane av landet der utviklinga går feil veg.   Medan ein i dei tre vestlandsfylka produserte 21,3 % av alt storfekjøt i landet i 1991 er no Vestlandet sin del nede på 17,9 %.    Det vert produsert 6300 tonn mindre storfekjøt på Vestlandet no enn ved årtusenskiftet.  Det er ein reduksjon på 31 %!  Også innan sau peikar Vestlandet seg ut med ei særmerkt negativ utvikling.  Vestlandet sin relative del av produksjonen er redusert med heile 4,7 % sidan 1999.  Det vert produsert 1000 tonn lammekjøt mindre på Vestlandet no enn i 1999. Denne trenden må snuast!   De som politikarar har eit ekstra ansvar for å setje i verk tiltak som medverkar til at målet om eit landbruk over heile landet – også Vestlandet, vert nådd i framtida.