Denne dagen vert det opning av gardsvarmeanlegget til Grim Erik Gillestad.  Erling Sande, som er leiar av Energi- og Miljøkomiteen på Stortinget vil stå for den offisielle opninga av anlegget.  Før opninga vert det eit fagleg seminar på Tønna i Bygstad med innleiingar av Erling Sande, John Sperle frå Sogn Biovarme, Grim Erik Gillestad og leverandøren av anlegget som er Nordiske Industriovner.  Etter ei matykt tek ein så turen til gards og offisiell opning.

Av omsyn til matserveringa vil det vere påmelding til arrangementet.  Påmeldinga kan du sende til post@sfskog.no innan 23. februar.

Her kan du finne program for opninga