For 2500 år sidan skildra Aristoteles dei klassiske appellformene etos, logos og patos i verket sitt «Retorikken». Appellformene skildra han som dei midlene avsenderen av ein tekst eller ei tale har til rådvelde for å overtale sitt publikum.   Medan etos og patos snakkar til mottakaren sine kjensler vender logos seg til publikum sin fornuft og intellekt.  Vart du klokare?  Eller er det framleis litt gresk?  Då kan du lese meir om det her.

Marianne Østengen var hovudinnleiar på den andre dagane av kvinneseminaret på Voss.  Ho bruket inngangen med etos, logos og patos til å få deltakarane til å reflektere over korleis dei stod fram når dei skulle presentere sin bodskap. 

  • Skapar retorikken din tillit hos mottakaren?
  • Skapar du gode kjensler hos mottakaren gjennom bruk av språk, historier, bilete og døme?
  • Appellerer du til fornuft ved hjelp av fakta, tal, statistikk og døme?

Nokon av deltakarane fekk også praktisk øving i å formidle bodskap ved bruk av eit stolpemanus.  Østenegen driv firmaet Talefot og har fokus på korleis det å formidle kan bli ei god kjensle både for den som formidlar og for den som skal lytte til bodskapen.

Seminaret på Voss vart avslutta med innleiing frå 2. nestleiar i Norges Bondelag, Frøydis Haugen.