Fylkesstyret gjennomfører styremøte i Jostedalen.- Ved sidan av ordinære styresaker har vi lagt vekt på å få ein dialog med nokon av dei som driv med nærings og næringsutvikling i kommunen, seier Hilleren..  Mellom dei som skal innleie er Marit Aakre Tennø som tidlegare har arbeidd i eit prosjekt som hadde som mål å auke tilflyttinga til Jostedalen, næringssjefen i Luster Olav Grov og Kurt Brun ved Jostedal Industrier.  Leiarane i dei lokale Bondelaga i Luster, styret i Jostedal Bondelag og lokale kontaktpersonar i rovviltarbeidet er invitert til middag om kvelden.  På saklista i møtet står mellom  anna medlemsverving, valet 2013, jordbruksforhandlingane 2013 og årsmøta i lokallaga.   - Eg ser fram til styremøtet og håpar på ein god dialog kring landbruksspørsmål med våre lokale tillitsvalde i kommunen, avsluttar Hilleren.