Inntek Jostedalen
- Eg ser fram til å gjennomføre møtet i fylkesstyret i Jostedalen seier, fylkesleiar Per Hilleren. Saman med resten av styret skal han få eit innblikk i næringsliv og busetjingspolitikk i denne bygda i Indre Sogn
- Ved sidan av ordinære styresaker har vi lagt vekt på å få ein dialog med nokon av dei som driv med nærings og næringsutvikling i kommunen, seier Hilleren.. Mellom dei som skal innleie er Marit Aakre Tennø som tidlegare har arbeidd i eit prosjekt som hadde som mål å auke tilflyttinga til Jostedalen, næringssjefen i Luster Olav Grov og Kurt Brun ved Jostedal Industrier. Leiarane i dei lokale Bondelaga i Luster, styret i Jostedal Bondelag og lokale kontaktpersonar i rovviltarbeidet er invitert til middag om kvelden. På saklista i møtet står mellom anna medlemsverving, valet 2013, jordbruksforhandlingane 2013 og årsmøta i lokallaga. - Eg ser fram til styremøtet og håpar på ein god dialog kring landbruksspørsmål med våre lokale tillitsvalde i kommunen, avsluttar Hilleren.