I deler av Nordfjord og Sogn har ein fungerande ordningar med NOMIL og SIMAS.  Desse held fram for dei som har avtale med dei.   Tenden samarbeider med våre lokale Bondelag i kommunar og bygder som ikkje har avtalar med NOMIL og SIMAS.   Nedanfor finn de lenkje til henteplanen for våren slik den ser ut pr. no.   Om de lurer på noko kring henting så kontakt leiaren i ditt lokale Bondelag.  Leiar i lokallaget har dialog med kontaktperson Dan Bø hos Tenden miljø i Stryn.  Grunna at leveransane må skje meir jamt er henteperioden i år strekt meir ut i tid. 

Liste med tidspunkt på hentestadar pr. 09.04.2019

Sorter plasten skikkeleg. Landbruksplasten vil i utgangspunktet verte lasta og transportert direkte til sluttmottak.  Difor må plasten vere sortert på følgjande vis:

  •  Farga rundballeplast for seg sjølv og kvit for seg sjølv.

  •  Nett og anna forureining må fjernast og ikkje leverast lag med folien.

  •  PP-sekk (storsekk) må leggast for seg sjølv og ikkje miksast i lag med den andre      
  •  Rundballefolie må ikkje stappast inn i pp-sekk. Berre pp-sekk kan stappast inn i pp-sekk.

Om plasten ikkje er skikkeleg sortert vil transportør kunne la plast ligge att.    Om det skjer:   Vis ansvar - rydd opp på hentestad og sorter skikkeleg til neste henterunde.