Åse Marie Thingnes, HMS- rådgjevar i Sunnfjord/Ytre Sogn, hadde det faglege ansvaret for markdagen og seier følgjande om arrangementet:

- Markdagen var open for alle, med fri entrè, og det vart ein fagleg og innhaldsrik dag for dei frammøtte.

 

 

- Karl Vie frå Nortura hadde foredrag og rettleia i storfefjøsen om sikker handtering av storfe. Utgangspunktet for prioritering av dette temaet er at nesten havparten av alle arbeidsulykker på garden skjer i samband med dyrehandtering av storfe og forflytning av storfe mellom bås og binge. I mange driftsbyggningar er det lite eller inga teknisk tilrettelegging for god handtering og forflytning av dyr mellom bås/binge. Vie gav mange gode råd og tips om sikker handtering av storfe.

 

  

- I 2011 brann det for over 300 mill kroner i driftsbygningar i landbruket. Grove feil og manglar i det elektriske anlegget vert ofte avdekka i driftsbygningen, også i nye bygningar. Dette var utgangspunktet for Nortronik frå Førde, som hadde ein grundige gjennomgang av brannforskrifta og krav som vert stilt til brannsikring av landbruksbygg. Mange som driv landbruksnæring er ikkje klar over: kravet om årleg kontroll av brannsløkkingsutstyr og at dette skal dokumenterast skriftleg på garden, som ein del av KSL systemet.

- Dersom det blir brann og det ikkje føreligg dokumentasjon på kontroll av sløkkjeutstyr, kan dette føre til avkorting av forsikrigsutbetalinga. Om forsikringa vert avkorta med t.d 20% dreiar dette seg om eit stort økonomiske tap. Kontroll av sløkkjeutstyret treng ikkje bli utført på garden, men kan gjerast hos ein godkjend kontrollør, t.d. Nortronik. Det var også gjennomgang av ulike typar fyrstehjelpspakkar og kva krav som vert stilt til slikt førstehjelpsutstyr.

- Nortronik hadde så ein demonstrasjon av ulike typar brannsløkkeutstyr på gardsplassen, der alle fekk prøve sløkkeapparat og erfare effekt og virkningsgrad. Nortronik tilrår at ein på garden også disponerer skummapparat i tillegg til pulverapparat, både for at skum har har god sløkkeeffekt og i tillegge har svært liten retenningsevne. Bruk av pulverapparat kan gjer meir skade, spesielt på elektronikk, og skadeverknaden kan bli kostbar samanlikna med bruk av skum. Det er no på marknaden skumapparat som også tåler lagring i frost temperatur.

 

HMS- markdagane som vert arrangert i Sogn og Fjordane i løpet av 2012 og 2013 inngår i den landsdekkande prosjektkampanjen " Trygghet og helse i landbruket". Ein haldingsskapande og førebyggande kampanje retta inn mot  prinærprodusentane i landbruket. Kampanjen er eit resultat av eit samarbeid mellom staten og dei største organisasjonane i landbruket, der Landbrukets HMS teneste er fagleg ansvarleg for kampanjen. Målet er at det i løpet av prosjektperioden vert arranget eit fylkesdekkande opplegg med markdagar og møte på temaet.

Les meir om kampanjen "Trygghet og helse i landbruket" og på Landbrukets MHS- teneste si heimeside www.lhms.no

Åse Marie Thingnes oppfordrar så at du som bonde må bli med på neste markdag som bli arrangert i ditt nærmiljø.