Inn på tunet er ein del av det aktive landbruket vårt, og vi kan tilby noko som  ingen andre kan, innleidde Brita Skallerud frå Norges Bondelag sitt Inn på tunet-utval på eit møte i Førde i dag. Møtet samla potensielle og nyoppstarta tilbydarar av Inn på tunet. Det knyter seg mange moglegheiter, og nokre utfordringar, til det å vere ein Inn på tunet tilbydar. Mange ulike brukargrupper kan ha stor nytte av tenestene. -Det handlar om meistring, seier Skallerud. -Ulike brukarar kjem inn på garden og får ta del i "ordentleg arbeid" og meiningsfylte oppgåver. Skallerud har lang erfaring med å drive besøksgard og vere tilbydar av Inn på tunet-tenester, og har sett korleis mange einskild-personar har blomstra opp med garden og arbeidet der som arena. Samstundes er ho tydeleg på at det er ein jobb som krev mykje, og at ein må like å arbeide med menneske.

Bjørn Austad Hvaleby frå Matmerk gjekk gjennom godkjenningsordningar og kvalitetssystem. -Godkjenningsordninga er eit kvalitetsstempel,og er med på å gjere tilbodet ditt betre,  seier Hvaleby. Å søkje Matmerk om godkjenning er relativt enkelt, og du vil få hjelp i prosessen. Dei som er heilt i startfasen vert oppmoda om å kontakte Matmerk for å finne ut om planane fell inn under Inn på tunet-omgrepet, og ein vil ha ei samtale kring kva det er som krevst og korleis ein skal gå fram for å verte godkjent.

Karoline Bjerkeset arbeider som prosjektleiar for Inn på Tunet hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Ho er i kontakt med mange tilbydarar og byggjer kunnskap ovanfor potensielle kjøparar av tenestene. Det å få gjort avtalar med kjøparar er heilt avgjerande for den som skal satse. Når ein står framfor oppstart som tilbydar dukkar det opp spørsmål om kva pris ein skal setje på tenestene. -Vi planleggjer eit eige kurs i prissetjing i månadskiftet februar-mars, fortel Bjerkeset. Meir informasjon om tidspunkt vil ligge føre om ikkje lenge, og Bjerkeset håpar på god deltaking.

Det er og mange spørsmål knytt til verkemidlar og søknadar, og Vemund Aartun frå Innovasjon Norge gjekk gjennom støtteordningar og saksgang. Landbruksetaten i kommunen kan vere til hjelp i planleggings- og søknadsprosessen, det gjeld å lage eit godt gjennomarbeidd prosjekt. Mange ønskjer å kome i kontakt med andre Inn på tunet tilbydarar som har vore gjennom prosessen før, og Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane jobbar med ei fadderordning som kjem desse ønskja i møte.

Inn på tunet nettverket i Sogn og Fjordane tel om lag 40 medlemar. Som eit tilbod gjennom nettverket kan nye medlemar få komme ut på garden til dei som har godt etablerte tilbod. Leiar av Inn på tunet nettverket i Sogn og Fjordane er Linda Rognø frå Gaular.

Aktivitetar i Inn på tunet tenestetilbodet er knytt opp til garden, livet og arbeidet der. Bondelaget og Matmerk samarbeider om informasjonsmøte over heile landet.