LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde. 

 

- 1 milliard er eit utgangspunkt for forhandlingane, men vil føre til at inntektsforskjellane i kroner aukar mellom bønder og andre grupper. Staten overdriv mogelegheitene for prisuttak innan gris og lam, noko som gjer at dei reelle inntektsmogelegheitene er lågare enn kva Staten legg opp til.

Felde fortel at jordbruket sitt krav på 1920 millionar kroner la til rette for ein inntektsauke for bøndene på 31.000 kroner pr. årsverk. Dette ville redusert inntektsavstanden mellom næringa og andre grupper i samfunnet. I sitt tilbod legg også staten opp til ei heving av inntektsnivået i næringa.  

- Staten prioriterer distrikt høgare enn dei prioriterer små og mellomstore gardsbruk. Bondelaget har utfordra regjeringa på innføring av tak på tilskot. Det er svært skuffande at staten ikkje kjem oss i møte på dette.

Ifylgje Felde vil dette på sikt gje ein meir sentralisert produksjon, og legg til rette for stordrift framfor eit mangfald av også mindre gardar over heile landet.  

- Den manglande satsinga på korn er vi redde for at fører til ein auka grasproduksjon i kornområda og dette er svært negativt for distriktslandbruket. Vi risikerer då at satsinga på raudt kjøt i kornområda held fram.

 

Nokre lyspunkt

- Vi er glad for at det ligg inne ei satsing på grøntnæringa, det gir gode mogelegheiter for auka produksjon også på Vestlandet. Vi kjem som område bra ut av grøntsatsinga grunna ei prioritering av distriktstilskot innan frukt og bær, og dette er positivt.

Ifylgje Felde er Vestlandet også prioritert på husdyr og mjølk, men om det blir avtale i jordbruksoppgjeret gjennstår å sjå.  

- Skal det bli ei avtale må Staten strekke seg langt i forhandlingane både når det gjeld budsjettkroner og retningsendring i landbrukspolitikken avsluttar han.

 

Jordbruket vil framover nytte tida på å gå igjennom tilbodet og bestemme om det er grunnlag for å gå i forhandlingar eller ikkje.