Konkret var ho berre vedrørande importkvotar for bær til industrien.  Der gav ho signal om at ho ville auke dei tollfrie kvotane.  Fellesskapet mellom produsentar og industri helsa ein auke i kvotane velkomen, under føresetna av at dei byggjer opp under det gode samarbeidet som har vore mellom næring og konservesindustri til denne tid.  Elles var ho mest komen for å lytte og danne seg eit bilete av landbruket i fylket.

 

Landbruk over heile landet

I medieoppalg i etterkant av besøket kjenner vi att retorikken som vi har høyrt sidan ho tok over statsrådstolen, men eg er glad for at ho presiserte at regjeringa ynskjer eit landbruk i heile landet, seier Hilleren.   Ho ville ikkje drøfte ulike ordningar konkret.  Dette fordi departementet er sett til å gjere ein total gjennomgong av ulike ordningar, og det ville vere feil av henne å gå inn i drøftingar kring enkeltordningar.  - Eg håpar ho tek turen til fylket ved seinare høve, og at vi då kan setje oss ned og få ein reell dialog kring dei ulike verkemidlane og verknaden av dei for eit fylke som vårt, held Hilleren fram.

Eivind Fonn, ved Nortura i Førde, orienterte om vegen frå jord til bord i verdikjeden for kjøt.  Ikkje ein veg som alltid går beint fram.

NRK sitt intervju med ministeren