Noreg er eit land med vanskelege produksjonsvilkår og høge kostnader. Etter kvart som kostnadane i dette landet har auka i høve til utlandet, har tollvernet vorte mindre effektivt og fleire landbruksprodukt vert importert. Denne importauken reduserer det volum av råvarer som vårt jordbruk kan produsere, og set grenser for kva pris vi kan ta i marknaden. Problemet er størst i vidareforedla produkt, og vi merker det særleg på mjølkeprodukt og bakarvarer. Norsk landbruksproduksjon er komen i ein uheldig skvis. Dette vert problematisk både for oss som råvareprodusentar og næringsmiddelindustrien.  Årsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag ber om at det vert sett fokus på oppgradering av tollvernet, vi må få utnytte dei reglar som internasjonale avtaler tillet, heiter det avslutningsvis i fråsegna frå årsmøtet.

Tollvernet var også gjenstand for debatt i møtet og Stortingsrepresentant Ingrid Heggø frå Ap såg for sin del trongen for eit styrkja tollvern som grunnlag for å kunne utvikle og auke jordbruksproduksjonen også i distriktsfylke som Sogn og Fjordane.

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (t.h.) frå Ap i dialog med styremedlem i Norges Bondelag Trine Hasvang Vaag.