- Når det gjeld prosentvis på frammøte ligg vi sikkert på topp 3 i heile fylket.  Kvardagsbondelaget har ei rolle å fylle i bygdene, og då er det ikkje nødvendigvis dei største laga som har den viktigaste rolla og den største aktiviteten held Hilleren fram.  Lokalt særpreg, nærleik og det å ha ein triveleg ramme kring møta er viktig.  Difor trådde vi til med både julemiddag og riskrem på Cafe Veitastrond, smiler ein nøgd attvald leiar :)

Ny første vara vart Vidar Nes.  Elles så er det stabilitet i styret i lokallaget der medlemene forvaltar areal og andre ressursar med Jostedalsbreen som næraste nabo.