Det var ein engasjert administrerande direktør i Gartnerhallen, Elisabeth Morthen, som snakka for Regionalt Landbruksråd Vestland, onsdag 2.oktober. Morthen skraut av vestlandsbonden for pågangsmot og engasjement for å lykkast med sin produksjon. Frukt-, bær- og grøntprodusentane i Vestland har mykje å vere stolte av, både i forhold til bruk og vedlikehald av det unike landskapet og kvaliteten på produkta som blir levert.

Elisabeth Morthen, administrerande direktør Gartnerhallen

Norsk frukt-, bær- og grøntnæring står i dag for 12,5% av produksjonsverdien i norsk landbruk og sysselset 5300 årsverk. I sesongen er det over 20 000 som jobbar innanfor denne næringa. Næringa er sterkt utsatt for import, men pila går i positiv retning og andelen på norskproduserte varer har gått frå 25% i 1998 til 34% i 2008. I sesongen er den norske andelen oppe i 85 %, men det er stor variasjon mellom dei ulike produkta. Forbrukarane vil ha norske produkt, og produsentane og Gartnerhallen jobbar kontinuerleg for å levere mest mogleg norske produkt av beste kvalitet til marknaden.

Korleis sikre vekst i frukt- og bærproduksjonen i Vestland?

- Veksten kjem ikkje utan tung innsats i heile verdikjeda, tøff satsing og hardt arbeid, seier Morthen. - Det er ikkje nok å ha medvind viss vi ikkje er flinke til å utnytte medgangen. Morthen nemner fleire faktorar som må vere på plass for at Vestland skal ta sin del av veksten. - Ein må jobbe for å utvide sesong, passe på å oppretthalde marknadsbalanse, ha tett samarbeid i verdikjeda og syte for å bygge dyktige produsentar og sterke produsentmiljø. Morthen heia på Lærdal Grønt og Hardanger Fjordfrukt og oppmuntrar produsentane til å samle seg, bli sterke på si grein og støtte kvarandre opp. - Det er avgjerande å ha optimal pakke- og lagerstruktur samt fasilitetar for å få til optimal lagring og kjøling. Å drive eit lager og pakkeri krev kompetanse, og dette vil vere lettare å trekke til seg ved større lager, seier Morthen.

Oppretthalding av marknadsbalansen er svært viktig, og frå og med neste år kjem det til å bli produksjonsplanlegging på frukt. Då det har vore eit stort behov for å auke produksjonen frå år til år, har det ikkje vore nødvendig med dette før no. Fokus kjem til å ligge på å plante dei rette sortane og sikre fordeling av produksjon over sesong for å sikre ein produksjon i samsvar med marknaden og ei balansert utvikling innan frukt.

Avslutningsvis oppmuntra Morthen alle frukt-, bær- og grøntprodusentar om å jobbe knallhardt saman med marknaden og slost mot importen. - Det er ikkje østlandsbonden som er konkurrenten til vestlandsbonden eller motsett, det er importbonden, seier Morthen.