SKUFFA: Anders Felde, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

 

- Staten har altfor låg kronesum på budsjettet, eg er verkeleg skuffa. Eg er det. 

Bøndene vil ha 860 millionar kroner. Staten tilbyr 90 millionar kroner. 

- Det er eit dårleg tilbod, slår Felde fast. 

 

Mange reaksjonar

PÅ SKEI: Lokallagsleiarar og fylkesstyret i Sogn og Fjordane Bondelag var samla på Skei og følgde pressekonferansen då Staten sitt tilbod i jordbruksoppgjeret vart lagt fram.

 

- Det verkar ikkje som regjeringa forstår situasjonen til dei små og mellomstore bruka. Å kutte i budsjettmidlane er eit håplaust utgangspunkt når me skal styrke inntektsutviklinga. Folk reagerte med skuffelse då tilbodet kom. Nokon meinar me skal forhandle, andre seier me ikkje skal. 

Kva skjer vidare no?

- No skal det avgjerast om det blir forhandlingar eller ikkje, avsluttar han.