Klokka 15 i dag vart det kunngjort at det er semje om ei ny jordbruksavtale mellom organisasjonane og Staten. - Det er positivt at avtala kan vere med å redusere litt av inntektsgapet mellom landbruket og andre yrke, men det er ikkje tilstrekkeleg til å gje løftet som næringa treng, særleg for dei små og mellomstore bruka som vi har mange av i vårt fylke.   Mellom anna ligg det ikkje inne noko satsing på nyinvesteringar.  Noko som vil vere svært avgjerande for å kunne sikre produksjonsvolumet og auke det i distriktsfylke som Sogn og Fjordane.   Det må vi avvente til komande statsbudsjett med å få svar på. 

For større produsentar i fylket gjev avtala gode moglegheiter for å kunne auke inntektene.  Særleg dei som produserer storfekjøt av høg kvalitet har gode moglegheiter for betre inntekter.

Det skal setjast ned ei eiga arbeidsgruppe som skal utgreie moglegheitene for å målrette verkemidlar mot bruk og område med spesielle driftsulemper, som til dømes bratt areal, små teigar og kantsoner.  - Dette er positivt, men eg vil presisere at ord skapar ikkje inntektmoglegheiter åleine, og eg har sterke forventningar til at dette verkeleg gjev økonomisk løft for distrikta ved komande korsveg, avsluttar Hilleren.

 

Her finn du informasjon om avtala