-  Eg er i utgangspunktet nøgd med mykje av det som står i Jordbruksmeldinga etter behandlinga i Næringskomiteen, sier Anders Felde. 

Leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag er letta over at fleirtalet i Næringskomiteen gjekk imot dei fleste av Regjeringa sine forslag til ny landbrukspolitikk.

-  Eg er glad for at det ikkje blir endringar i marknadsordningane. I vårt fylke var geitebøndene og eggprodusentane særs uroa for det.  

I tillegg til å glede seg over marknadsordningane, er også Felde glad for at avløysarordningane og tidlegpensjonen skal bestå.

 

Auka matproduksjon på norske ressursar

- Næringskomiteen gjekk også vekk fra Regjeringa sitt overordna mål om kostnadseffektiv matproduksjon, dei vil auke matproduksjonen på norske ressursar.

Ifylgje Felde skapte Jordbruksmeldinga, som kom 9. desember, stor uro rundt rammevilkåra til norsk matproduksjon.

- Eg er glad for at dei sette foten ned for retninga Landbruksministeren peika ut.

 

Frå 18 til 14 kvoteregioner

- Eg meinar framleis at 18 kvoteregionar hadde vore det beste, fortel Felde.

I Jordbruksmeldinga føreslo Regjeringa å redusere antal kvoteregionar for kumjølk. I dag er det 18, i meldinga føreslo dei 10.

- Me møttes på halvvegen, men eg er redd 14 kvoteregionar vil føre til ei større sentralisering av mjølkeproduksjonen.

 

Uroa for det regionale partnerskapet

- I Sogn og Fjordane har det regionale partnerskapet (Innovasjon Norge, Fylkesmann, Fylkeskommune, organisasjonane m.fl)  laga gode investeringsverkemiddel, forklarar Felde.

Han fortel at Jordbruksmeldinga har skapt usikkerheit kring moglegheiten partnerskapet har til å utforme regelverk og føringar for bruken av desse midlane.

- Etter meldinga har vore gjennom Næringskomiteen, er eg usikker på om det i framtida blir mogleg for det regionale partnerskapet å bestemme prosentsatsen og taket i forhold til tilskot til investeringar i landbruket.