For Britt Elisabeth Håheim - som har fått lovnad om eigen hest når ho fyller 12 år, var det så absolutt verdt å stå i kø for ein ridetur.

- Det er kjempekjekt å vera her i dag, fortel 7-åringen.

Ho fekk ri på hesten Goggen, eit høgdepunkt for 2.klassingen.

 Britt Elisabeth Håheim på hesteryggen.

 

Var her i fjor - kom att i år

- Det er vel andre året vi er her, seier Maria Rolness Nygård som har tatt med seg heile familien til Mo denne søndagen.

- Veldig kjekt. Det er masse fine dyr for disse små å sjå på. Og god mat, seier småbarnsmora som har med seg mann, ein gut på 15 månader og dottera på 10.

For 10-åringen Amina vart traktor og fjørfe høgdepunktet.

- Det er moro å vere på Open gard. Turen med Gråtass var morosam, men det kjekkeste var å sjå på kyllingar. Dei var så søte!

Gråtass-traktoren, den likte minsten veldig godt også, skyt mor inn.

 Nøgd etter traktortur.

 

Byter på å arrangere

Bondelaga og bygdekvinnelaga i Indre Sunnfjord byter på å arrangere Open gard på Mo.

- Eine året har Nausdal og Førde  samarbeid om open gard her, og så har Gaular og Jølster det andre året. I år er det vår tur, forklarer leiar Tor Arne Herstad leiar i Naustdal Bondelag.

Han fortel om berre positive tilbakmeldingar.

- Slike tilbod er viktige for å lage eit godt omdøme. Det er kjekt at folk kan kome og sjå litt på kva me driv med. Parkeringa er stappfull, smiler Herstad.

Tor Arne Herstad  var godt nøgd med dagen.

 

 Tradisjonsmat

Inne i det som til daglig er skulekantina på Mo, serverte bondekvinner får Førde og Naustdal drikke og noko å bite i.

- Utruleg mykje folk. God mat har me også. Me satsar berre på heimelaga mat. Me har natronkaker, mjølkekaker og ein del ting frå Tine, fortel Bjørg Vie frå Førde Bondekvinnelag.

Ho meiner det er viktig for bondekvinnene å markere seg på slike dagar.

- Klart me må vise oss fram litte gran. Me strevar med å få med oss yngre folk, vedgår Vie.

Ny-rekruttering blir det likevel lite tid til.

I dag har vi hatt meir enn nok med å servere, men vi kjem att så lenge vi har helse til det. Dette har vore ein suksess, ler ho.

 Bjørg Vie  hadde ein kjekk dag på Mo.

 

Tradisjonsmat

 

Grillsjef Hilleren

Mindre nøgd er ikkje fylkesleiar Per Hilleren. Utstyrt med grill-lue og grillklype var bondelagsleiaren sett til å servere gjestene varmmat.

- Open gard er verdifulle arrangement for oss som er i landbruksnæringa. Det skal vera eit arrangement som skal vera ope og som kan tiltrekke seg heile familien. Slik at alle kan kome inn å få den gode opplevinga av norsk matproduksjon og verdiane den skapar, forklarer sogndølen medan han legg kotelettar og pølser på grillen.

Han strekar under at Open gard  på Mo er eit lokalt arrangement, og rosar Bondelaga i Naustdal og Førde for innsatsen.

- Det er lokale bondelag som arrangerer, men eg vart spurd om å vera med. Eg står og har ansvaret for grillinga i dag og tykker det er voldsomt flott at me får vera med. Sogn og fjordane bondelag har også ein stand som folk kan besøke, seier Hilleren.

Per Hilleren i røyken.

 

 Let borna velje

For familien Håheim var det Open gard som trakk det lengste strået denne søndagen.

- Me ville finne på noko kjekt med ungane. Dei fekk valet mellom å reise på tur med turlaget, eller å reise på Open gard. Då ville dei absolutt hit, seier mor Anne Marie Strand Håheim og ser lurt på dottera Britt Elisabeth som nett har fått ri på hest.

- Det var nok hestane. Ingen tvil om det, ler Strand Håheim.

Mor og dotter på open dag.