Lustrabønder ventar på Landbruks- og Matminsister Trygve Slagsvold VedumDagen starta i Gaupne klokka 9 der lokallaga i Bondelaget hadde førebudd seg godt og fått ein time til å orientere Ministeren om dei utfordringane som  dei ser for utviklinga framover i Lustralandbruket.  Tema som inntekt, investering og rovvilt var sjølvsagte på agendaen og ein noko småtrøytt minister, som hadde reist heimanfrå klokka halv fem, lytta og kommenterte undervegs.  Klokka 10 gjekk dørene opp og omlag 60 Lustrabønder kom inn for å delta på Landbrukets Dag i Luster.  No var turen komen til ministeren.  Godt humør har karen og kunnskapen om landbruk verkar også å vere på plass, men  ein viss skepsis har vi til om han verkeleg kan nok om utfordringane i småfehaldet og mjølkeproduksjonen, og det er vel gjerne difor desse to produksjonane har hovudfokus i Luster.  I motsetnad til sine forgjengarar er Slagsvold Vedum svært tydeleg på at det er matproduksjonen som skapar verdiane.  Kulturlandskapet og attårnæringane har sitt utspring i matproduksjonen.  Akkurat den setningen fall i svært god jord hos Lustrabøndene og hos oss to med oppdrag å bruke dei to øyra denne dagen :)

Besøket på meieriet på Byrkjelo er overSå bærer det vidare langs vegen til Byrkjelo.  Fjordfylket syner seg frå si vakraste side denne dagen med klår sol og knallblå himmel.  Når vi passerer Fjærlandstunnellen skimtar vi ordføraren i Jølster som står og ventar på ministeren.  Han skal få æra av å køyre ministeren frå kommunegrensa til meieriet på Byrkjelo.  Ein liten avstikkar på Lunde rakk følgjet også før det omlag presis dukka opp på meieriet.  Der venta ei ny rekkje med partikollegaer og representantar frå næringa som skulle opplyse ministeren.  Saman med den assisterande landbruksdirektøren fann vi plassen vår ved veggen.  I tur og orden får ordførarane Anders Ryssdal og Oddmund Klakegg ordet, sidan meieristyrarvikaren Berge og tillitsvald i NNN Svein Førde, deretter bonde Ola Kongsvik før leiar i Breim Bondelag, Anders Felde og prosjektleiar Jo Helge Sunde avslutta innleiingane.  Eit godt regissert opplegg med korte og poengterte innlegg der bodskapen kjem tydeleg fram.   Skal vi kunne oppretthalde mjølkeproduksjonen i fylket framover må det løne seg å investere i ny teknologi på mindre einingar enn dei det løner seg på i dag.  Også fylkesleiaren ved veggen vart direkte utforda frå Ministeren på fylkeslaget sitt syn på investeringsverkemidlane.

Etter fotoseansar i motlys går turen vidare til Stardalen og Øygarden Samdrift.  Der møter vi vinteren og austavinden, og tre bønder som har investert i sin eigen arbeidskvardag.  Medan ministeren og alle vi andre går inn i fjøset, finn ministeren sin kommunikasjonsrådgjevar lufta ute som meir attraktiv.  I slike møte mellom bønder og minister er det tydeleg at ministeren trivst.  Han verkar mest å vere litt på heimebane med eit snev av fjøslukt på skjorta.  Han får servert eit bilete av engasjerte bønder som ynskjer å produsere mat, men som sit att med for lite kroner i høve arbeidsinnsatsen.  Ein realitet som gjeld svært mange i landbruket.

Slagsvold Vedum og fylkesleiar i Sogn og Fjordane Senterparti Karen Marie Hjelmesæter i samtale med bøndene i Øygard Samdrift.

Medan Minister og følgje tek seg ein velfortent pause på Skei Hotell, planlegg fylkesleiaren kveldens innlegg over ein god middag på Essoen.  Det er berre eit par timar til kveldsmøtet der fylkesleiaren skal ha eit kort innlegg i etterkant av Statsråden si innleiing.

Kveldsmøte avsluttar maratondagen i fjordfylketOmlag 100 personar har funne vegen til kveldsmøtet, der minisiteren skal innleie.  Medan forgjengaren hans oftatst hadde mange plansjar og struktur, så dukkar Vedum opp med nokon få bilete og endåtil ikkje dei han hadde tenkt å bruke...., men innleiing vart det lell og mykje av det han sa likte vi å høyre, men som ministrar flest er konkretiseringsgraden ikkje svært stor.  I debatten i etterkant fekk ministeren mange gode spørsmål og kortfatta spørsmål, men ikkje uventa vart dei konkrete svara få.  Slik er det i den politiske verda, men når det gjeld denne ministeren si verd, så vil vi få dei konkrete svara på dei fleste spørsmåla i jordbruksoppgjeret om eit par månader.

 

Når ein, noko metta etter inntrykk og ein dag i farta, legg hovudet på puta så tenkjer ein gjerne at om alle ministerdagar er som denne, så er det kanskje greit å berre kunne vere i hælane hans sånn ein dag i ny og ne, for dette er ikkje noko slaraffenliv :). 

 Nokon let seg ikkje forstyrre av at Landbruks- og Matministern  stikk innom fjøset ein tur.