Eg er uroa over regjeringa sin iver etter forenklingar.  Det går ut over tryggleiksnettet som jordbruket har hatt i botnen når sjukdom råkar eller avlingar slår feil.  Tidlegare har ein til dømes fjerna ordningar som skal kompensere ved store overvintringsskader på eng.  No kjem framlegget om å fjerne avløysartilskotet til ferie og fritid.  Noko som heilt klart kan svekke beredskapen vi har i dag når det gjeld avløysing ved sjukdom.  - Eg ser ikkje heilt føre meg korleis Norske Landbrukstenester kan klare å oppretthalde den naudsynte beredskapen med tilsette landbruksvikarar og avløysarar om deira omsetnad til ferie- og fritidsavløysing blir redusert, held Felde fram.

Regjeringa seier i meldinga at dei meiner det er viktig at norske jordbruksføretak har tilstrekkeleg tilgang på kompetent avløysarhjelp, medan dei samstundes svekkar verktykassen for at det kan skje, avsluttar Felde.

Du kan lese meir om regjeringa sine forenklingframlegg på side 77 og utover i Jordbruksmeldinga.  Tilskot til avløysing ved ferie og fritid er omtala på side 82 og side 83.