- I år ynskjer eg å reise rundt i Sogn og Fjordane
Det er sommarferie for mange, og for Marit Flatjord er ferieplanane klare.
BONDE: Marit Flatjord.
- I sommar ynskjer eg å feriere i Sogn og Fjordane. Planen er å reise til stader eg aldri har vore før, seier Marit Flatjord.
Ho er med i ei samdrift i Stardalen, og har fjøsvakt kvar tredje veke. I samdrifta har dei storfe, og mjølkeproduksjon. I tillegg har ho sau på fjellet, og tre kopplam på tunet.
- Eg skal også reise på stølen i sommar. Då kan eg vera utan mobil, og nyte naturen. Det beste er å reise på stølen etter ungdyra er kome ut, slik at eg kan kombinere turen med tilsyn av dei.
- Mykje å gjere
MARIT FLATJORD: Ho er også tidlegare nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag.
- I tillegg til å vera bonde er eg også med å drive sommarkafeen i Stardalen.
Marit fortel at det er jobben der, været, slåttetidspunkt og fjøsvakter som avgjer når ho kan reise på sommarferie.
- Det er ikkje alltid at det går så godt i hop, men når eg fyrst er på tur klarar eg heldigvis å kople ut gardsdrifta heime.