BONDE: Marit Flatjord. 

 

- I sommar ynskjer eg å feriere i Sogn og Fjordane. Planen er å reise til stader eg aldri har vore før, seier Marit Flatjord.

Ho er med i ei samdrift i Stardalen, og har fjøsvakt kvar tredje veke. I samdrifta har dei storfe, og mjølkeproduksjon.  I tillegg har ho sau på fjellet, og tre kopplam på tunet. 

- Eg skal også reise på stølen i sommar. Då kan eg vera utan mobil, og nyte naturen. Det beste er å reise på stølen etter ungdyra er kome ut, slik at eg kan kombinere turen med tilsyn av dei. 

 

- Mykje å gjere

MARIT FLATJORD:  Ho er også tidlegare nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag. 

 

- I tillegg til å vera bonde er eg også med å drive sommarkafeen i Stardalen. 

Marit fortel at det er jobben der, været, slåttetidspunkt og fjøsvakter som avgjer når ho kan reise på sommarferie. 

- Det er ikkje alltid at det går så godt i hop, men når eg fyrst er på tur klarar eg heldigvis å kople ut gardsdrifta heime.