Bente Axelsson i Mattilsynet sitt distriktskontor i Sunnfjord og Ytre Sogn, ber deg ta kontakt dersom du som storfehaldar har fått brev om avvik i Husdyrregisteret.

Mattilsynet sitt distriktskontor i Sunnfjord og Ytre Sogn er omfatta av pilotprosjektet der produksjonstilskot til storfehaldarar skal utmålast på grunnlag av dyretalet registrert i husdyrregisteret. Målet er å få eit register med god datakvalitet, noko som vil vere avgjerande dersom ein kjem i ein situasjon der sporingsarbeid er naudsynt. Produsentar som har avvik i denne samanlikningsrunden får i desse dagar brev om dette. Vedlagt brevet ligg ei liste A, som syner dyra registrert i Husdyrregisteret. Det er viktig å sjekke denne opp mot dei individa som produsenten sjølv hadde registrert på teljedato. I brevet ligg det og ved ei liste B. Dyra på denne tel ikkje som avvik, med i Husdyrregisteret er det oppført at dei har stått i dyrehaldet til produsent ein eller annan gong. Desse må også rettast opp. Rådgjevarar i Kukontrollen og Storfekjøtkontrollen har tilgang til listene. -Ta kontakt med rådgjevaren din eller Distriktskontoret i Mattilsynet dersom du har avvik, oppmodar Axelsson. I dei fleste tilfella går det lett å rydde opp, og produsenten unngår dermed trekk.