Berre ekte råvarer dug for den nye Bondelagskokken, Bodil Eikrem Fjellestad som til dagleg er kjøkkensjef ved Gloppen Hotell.På Grune Woche i Berlin vert det i dag kunngjort at Bondelagskokken dei to komande åra skal vere Bodil Fjellestad Eikrem frå Gloppen.  Bodil er svært oppteken av å bruke lokale matvarer på menyen i sitt arbeid som kjøkkensjef på Gloppen Hotell. - Eg tykkjer det er stor stas at ein kokk frå Sogn og Fjordane får tildelt stipendet på kroner 100.000 i konkurranse med omlag 30 andre søkjarar, held ein smørblid fylkesleiar fram.

Bondelaget sitt kokkestipend har ei varigheit på to år. Stipendpengane skal nyttast i eit nært samarbeid med bønder og lokalmatprodusentar.  Stipendet skal også medverke til å forsterke og utvikle den norske mat­kulturen gjennom matglede og matstoltheit.   Bodil har sjølv sagt at ho veldig lenge har hatt lyst til å lage ei eiga kokebok med masse gode tradisjonsrike oppskrifter, med sin eigen personlege vri.

Bodil er ein svært god ambassadør for norske bønder og norske produkt.   Ho har allereie eit nært samarbeid med dei lokale bøndene, og syner viktigheita av å ha ein dialog og diskusjon for å få fram dei beste produkta landet vårt har å by på. Bodil vart vald av ein einstemmig jury, og Norges Bondelag ser fram til å samarbeide med ho i dei komande to åra, seier leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag.

Denne gongen var det mange som søkte om å bli Norges Bondelag sin nye bondelagskokk.  Juryen  tok imot 28 søknader, noko som er det dobbelte av sist søkerunde for to år sidan.

- Vi vil at stipendet skal medverke til å forsterke og utvikle den norske matkulturen gjennom matglede og mathistorie, frå bonde via kokk til forbrukar, seier Bjørke.

I juryen: Juryleiar Nils T. Bjørke, leiar i Norges Bondelag, Kurt Sverre Øraas, tidlegare bondelagskokk, Harald Osa, leiar i Stiftelsen norsk matkultur, Marita Brodtkorb, lokalamatnsvarleg Rica og Geir Jostein Dyngeseth, marknadsdirektør i Coop-Norge.

  

Kontaktinfo: Ny Bondelagskokk: Bodil Fjellestad Eikrem:  958 98 220

Sogn og Fjordane Bondelag,  Per Hilleren: 476 07 532