Leiar i Nordre Gulen Bondelag, Halvor Brosvik t.v. saman med leiar i Sogn og Fjordane Høgre, Arve Mjømen.

 

Årsmøtet vert tradisjonen tru skipa til i Nordgulfjorden grendehus. 13 av 20 medlemar møtte, og engasjement, matlyst og humør var det ingen ting å sei på. Laget har engasjert seg med innsamling av plast og skrot, har vore aktive opp mot fylkeslaget og delteke i aksjonar og markeringar.   

Fylkesleiar i Høgre Arve Mjømen var invitert til å innleie om hans og Høgre sine framtidsvyer for landbruket.  - Så mange vyer var det ikkje å spore, seier Bjarte Myren.  Generelt er bodskapen derifrå større einingar, gjerne organisert som AS, frådelt våningshus  frislepp av prisar, bort med buplikt, sal av tomtar, lemping av odelsretten, tenk på anna enn mjølk, har ikkje tru på å bygge tollmurar. Mykje eigedomspolitikk og lite næringspolitikk med andre ord, seier ein noko oppgitt Myren.  Han gav oss kreditt for jobben bøndene gjer og likar reklameinnslaga for norsk mat, men elles var vi usamde om mykje.  Han skal i alle høve ha ros for at han stiller opp og møter bøndene til drøftingar, seier Myren.

- Sjølv tok eg ein runde på tollsaka og iskusjonen og meiningsutvekslinga vart lang og variert, held Myren fram.  Møtelyden var mest opptekne av mjølkeproduksjon og rekruttering.  .

Tradisjonen tru; så vart det både rømmegraut og loddsal. Og etter mange omtrekkingar hamna vinflaska hjå leiaren :)  - Sjølv enda eg opp med gåvekort på eit brett egg, avsluttar ein nøgd Myren etter i god oppleving den siste måndagen i oktober.

 God servering og engasjert deltaking på årsmøtet i Nordre Gulen Bondelag