Høgre sitt landbruksnettverk kjem til Nordfjord

Publisert 28.11.2019
  • Tips en venn om denne siden

- Det er flott at så mange Stortingsrepresentantar frå Høgre tek turen til Gloppen og Jølster, seier fylkesleiar Anders Felde

Han er glad for endeleg å ha fått Høgre sitt landbrukspolitiske nettverk på besøk og ser fram til å drøfte landbrukspolitikk med dei det komande døgnet.   - Vi har i samarbeid med Stortingsrepresentantane laga eit tett  program,  der vi set fokus på viktige landbrukspolitiske spørsmål samstundes som vi besøkjer ulike produsentar med ulike produksjonar, held Felde fram.

Sogn og Fjordane sin Stortingsrepresentant Frida Melvær har med seg følgjande 5 andre Stortingsrepresentantar til fylket: Margunn Ebbesen, leiar for landbruksnettverket og landbrukspolitisk talsperson i Høgre,  Lene Westgård Halle frå Vestfold.  Ho er også rovviltpolitisk talperson i Høgre. Torill Eidsheim frå Hordaland, Bente Stein Mathisen frå Akershus og Ingunn Foss frå Vest-Agder.

Her kan du lese programmet for besøket

Stortingsrepresentant Frida Melvær, Høgre og 5 av hennar kollegaer frå Høgre på Stortinget kjem til Nordfjord og Sunnfjord i kveld og i morgon.

Aktivt år for Hyen Bondelag

- Vi bestemte oss for å kjøpe blomar til dei som vart ramma av flaum og ras i sommar. Dette var berre ein liten ting, men vi ville vise at vi er her og kan hjelpe, og at vi tenkjer på dykk, sa Torunn når ho presenterte årsmeldinga til Hyen Bondelag

Stig Asle Midtbø ny leiar i Norddalsfjord Bondelag

- Spørst om eg klarar å vere like tydeleg som forgjengaren min han Jan Arve Midtbø, men eg skal no gjere det på min måte og håpar det vert godt nok seier nyvald leiar i Norddalsfjord Bondelag Stig Asle Midtbø

Refleks må til

Hugs refleks

Refleks ?? Kva har no det med Bondelaget å gjere tenkjer du gjerne. Refleks vedkjem oss alle difor ei lita påminning til oss alle no når vi merkar at haustmørket kjem.

- Nedskaleringa blir tøff for mjølkebonden

- Nedskaleringa blir tøff for mjølkebonden

Det er semje mellom Norges Bondelag og regjeringa om korleis mjølkemengda i Norge skal reduserast framover. Sogn og Fjordane Bondelag er nøgde med at staten bidreg økonomisk, sjølv om vi gjerne skulle sett at vi kunne nytte fleire verkemiddel for å nedskalere mjølkeproduksjonen.

Dette skjer i Sogn og Fjordane Bondelag

Torsdag
05
mars

Fylkesårsmøte 2020

Thon Hotel Jølster - Skei

Våre samarbeidspartnere