Høgre sitt landbruksnettverk kjem til Nordfjord

Publisert 28.11.2019
  • Tips en venn om denne siden

- Det er flott at så mange Stortingsrepresentantar frå Høgre tek turen til Gloppen og Jølster, seier fylkesleiar Anders Felde

Han er glad for endeleg å ha fått Høgre sitt landbrukspolitiske nettverk på besøk og ser fram til å drøfte landbrukspolitikk med dei det komande døgnet.   - Vi har i samarbeid med Stortingsrepresentantane laga eit tett  program,  der vi set fokus på viktige landbrukspolitiske spørsmål samstundes som vi besøkjer ulike produsentar med ulike produksjonar, held Felde fram.

Sogn og Fjordane sin Stortingsrepresentant Frida Melvær har med seg følgjande 5 andre Stortingsrepresentantar til fylket: Margunn Ebbesen, leiar for landbruksnettverket og landbrukspolitisk talsperson i Høgre,  Lene Westgård Halle frå Vestfold.  Ho er også rovviltpolitisk talperson i Høgre. Torill Eidsheim frå Hordaland, Bente Stein Mathisen frå Akershus og Ingunn Foss frå Vest-Agder.

Her kan du lese programmet for besøket

Stortingsrepresentant Frida Melvær, Høgre og 5 av hennar kollegaer frå Høgre på Stortinget kjem til Nordfjord og Sunnfjord i kveld og i morgon.

No kan du bli med på mentorordninga i landbruket

No kan du bli med på mentorordninga i landbruket

Vil du som ny bonde eller bonde i ein utviklingsfase ha ein erfaren diskusjonspartnar? Eller er du ein erfaren bonde som kan tenkje deg å dele erfaring med andre? Då er mentorordninga midt i blinken for deg.

Vervedag i Sunnfjord

Vervedag i Sunnfjord

Verveutvalet i Sogn og Fjordane Bondelag inviterte lokallagsleiarane i Naustdal og Førde med på vervedag på Bondelagskontoret.

Styret i Gaular Bondelag

Langt frå skoddeheimen :)

- Gaular Bondelag er ikkje i nærleiken av å vere så skoddelagde som det kan sjå ut til på biletet ler fotografen Nils Magne Gjengedal. Tvert imot !

Bonden har ei viktig rolle å spele i beredskapsarbeidet

- Beredskap sett ut i livet handlar om evne til å gjere praktisk arbeid i ein svært pressa situasjon. Difor er kunnskapen til bøndene viktig i beredskapsarbeidet, sa mellom anna varabrannsjef i Jølster Arve Dvergsdal i innleiinga til leiarmøtet.

Hildegun Gjengedal

Importen av landbruksvarer truar norsk matproduksjon

- Importen av jordbruksvarer er etterkvart vorten svært stor og legg eit stort press på korleis vi kan utvikle norsk landbruk både når det gjeld volum og inntening, sa Hildegun Gjengedal i si innleiing til leiarmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag.

Dette skjer i Sogn og Fjordane Bondelag

Torsdag
05
mars

Fylkesårsmøte 2020

Thon Hotel Jølster - Skei

Våre samarbeidspartnere