Høg temperatur på AgroNordVest
Korleis sikre vekst og fornying i landbruket på Nordvestlandet? Det var eit tema som skapte engasjemnet og debatt.
Korleis sikre vekst og fornying i landbruket på Nordvestlandet under ein blåblå himmel? Det var tema for debatten klokka 16.00 i ettermiddag.
Debattantane starta med kvar si innleiing, før det vart spørsmål frå salen.
Publikum tok opp tema som rovdyr, ostetoll og dyrevelferd. Mange matprodusentar uttrykte uro over at viktige element i landbrukspolitikken vert sett i spel.
Nøgd med debatten
Nestleiar i Norges Bondelag syns debatten gjekk bra. Ho syns det var mykje spørsmål til dei blåblå og at debatten var forutsigbar.
Skallerud var tydeleg på at viktige verkemiddel i landbrukspolitikken ikkje må forenklast vekk.
For å sikre vekst og fornying i landbruket på Nordvestlandet meinar Skallerud ein må slutte å definere vekst med å bli stor.
- Det gjeld å utnytte fordelar som er i kvar enkelet region.