Frå venstre Frank Willy Djuvik (FrP), Bjørn Lødemel (H), Brita Skallerud (Nestleiar i Norges Bondelag), Kari Redse Håskjold (Nestleiar i Nortura), Pål Farstad (V), Ingrid Heggø (Ap)

 

Korleis sikre vekst og fornying i landbruket på Nordvestlandet under ein blåblå himmel? Det var tema for debatten klokka 16.00 i ettermiddag.

Debattantane starta med kvar si innleiing, før det vart spørsmål frå salen.

Publikum tok opp tema som rovdyr, ostetoll og dyrevelferd. Mange matprodusentar uttrykte uro over at viktige element i landbrukspolitikken vert sett i spel.

 

Nøgd med debatten

Brita Skallerud

 

Nestleiar i Norges Bondelag syns debatten gjekk bra. Ho syns det var mykje spørsmål til dei blåblå og at debatten var forutsigbar.

Skallerud var tydeleg på at viktige verkemiddel i landbrukspolitikken ikkje må forenklast vekk.

For å sikre vekst og fornying i landbruket på Nordvestlandet meinar Skallerud ein må slutte å definere vekst med å bli stor.

- Det gjeld å utnytte fordelar som er i kvar enkelet region.