- Når eg er åleine brukar eg 2,5 til tre timar kvar dag. Er vi to, er det gjort på to timar, fortel Rønneikleiv.

Det Hyen-bonden snakkar om er tida det tek kvar einaste dag å sortere og pakke nylagde egg til transport. Påska er høgsesong for egg. Vi nordmenn et millionar av egg til påskefrukosten. Det betyr travle dagar på gardsbruket i Gloppen som også har 50 storfe på bås, det inkluderer mjølkekyr, unggdyr og stutar.

 

Har 7500 høner

 

Garden Sogn og Fjordane Bondelag besøker  har 7500 høns. Tek ein med at gardbrukaren i tillegg jobbar som sjuklepleiar, blir det fort lange dagar. Det, trass i att mannen tek det meste av gardsdrifta. 

- Eg byrjar ca 05.30. Då går eg inn i hønsehuset, går over heile annlegget,  sjekkar at det er vatn og fôr. Plukkar opp og fjernar egg som er lagt. Eg sjekkar om det er skada dyr. Er det det, så tek eg dei inn på eiga avdeling slik at dei får fred, fortel Rønnekleiv som sjølv gifte seg til garden der mannen hadde odel.

Når kontrollrunden er tatt, strør ho kalk utover. Både som kalktilførsel for dyra, men også som ein aktivitet. Dyra må ha noko å gjere på utover dagen.

- Så går eg inn på eggrommet og køyrer ut egga frå aviara, sorterar, vaskar og pakkar, før eg til slutt køyrer dei på kjøl, fortel eggprodusenten.

 

Satsar og har lært å leve med uvissa

 

Ein gong i veka kjem det lastebil til gards for å hente egg. I 45 år har egg og storfe gått hand i hand på garden. I dag er ekteparet Rønnekleiv ein av berre eit titals store eggprodusentar i Sogn og Fjordane.

- Me moderniserer heile tida og prøver å optimalisere drifta fortel ho. På sikt er planen lausdriftsfjøs for storfe, og i tillegg til dyrehaldet driv dei også litt med skogsdrift. 

Men særleg for eggproduksjonen er uvissa stor. Det er vanskeleg å vite frå år til år kva inntekta blir.

- Det har litt med dei statlege overføringane og kva som blir prioritert. Me veit liksom aldri heilt. Det er ei utfordring å planlegge framover. Det er sånn det er i landbruket. Me har innstilt oss på det, og så lenge ein av oss har såpass mykje arbeid utanom, vil me alltid greie oss økonomisk. Og me prøver alltid finne nye måtar og så få auka verdien på garden, seier Rønnekleiv.

 

Set pris på kontakten med dyr

 

Kontakten med høns skil seg ikkje så veldig frå anna dyreheld, skal ein tru Hyen-bonden. Skilnaden er kanskje talet. 7500 av dei, er naturleg nok litt meir å halde styr på.

- Det er greie dyr. Du ser personlegdomen deira på lik linje med andre dyr. Nokre av dei er veldig skremde. Nokon går oppå deg, og sit hos deg når du er inne med dei. Dei er veldig ok. Hønene har vi i 72 veker, og me får dei  når dei er 16 veker gamle.

- Har du spesielle minner frå hønsehuset?

- Ja vi hadde ei høne eit år. Ho var skada då vi tok ho ut, men ho vart veldig kosete. Vi kom inn i hønsehuset om morgonen, då kom ho spurtane mot deg, skulle løftast opp og ha kos.  

- Kva er det beste med å vera bonde?

- Fridomen og kontakten med dyr. Eg likar veldig godt kontakten med dyr. Også det å kunne gå i skog og mark om somrane og hausten å sjå etter dyr, synest eg er veldig fint. 

Og når det gjeld egg og påske? Eva Kristin Rønnekleiv har følgjande oppmoding:

- Eg syns det er viktig at folk et egg heile året og ikkje berre i påska, for egg er ei fantastisk proteinkjelde til den normalt gode kosten vi har i Norge.