Markdagane inngår i den landsomfattande kampanjen "Tryggleik og helse i landbruket", og er eit gratis tilbod. Markdagen skal vere ei påminning om at ulukker skjer fort, men at vi ofte enkelt kan hindre at dei skjer, eller unngå at dei vert alvorlege eller livstrugande. Naustdal Bondelag, Landbruket si HMS teneste og Nortura samarbeider om arrangementet. Tema vert trygg handtering av store dyr, og brann/brannsikring. Nortronik vil vere til stades og demonstrere sløkkjeutstyr.

Tid og stad:

Laurdag 6. april kl. 10.00-13.00, Tuna Samdrift, Åsedalen i Naustdal.

Programmet finn du her.