Foto: Pål Thorvaldsen, NIBIO Fureneset. Biletet er frå eit forsøksfelt på attlegg i dei indre delane av Guddalen i Fjaler kommune. Skadeffekten av hjortebeiting gjennom haust og vinter viser tydeleg.

 

I løpet av dei siste åra har tilbakemeldingar på hjorteskadar på dyrka mark auka monaleg. Frå alle deler av fylket får vi meldingar om hjorten som tek for seg av graset som storfe og småfe skal ha som vinterfôr.   Problemet er i ferd med å bli so stort at det hastar med å sette i verk tiltak som reduserer hjortebestanden vesentleg. 

 

Hjorten må ha mat både vinter og sommar, og den tek for seg av graset på dyrka mark. Mange bønder opplever at alt graset er vekke når haustinga tek til.  Særleg vert dei dyktige bøndene som snur jorda ofte råka.  Hjorten finn raskt ut kvar den beste maten er.   Interessemotsetningane kan vere store i dei ulike bygdelaga.   Nokre grunneigarar ynskjer meir hjort, anten for å ha fleire dyr å jakte på eller for å sikre at leigejegerane får skyte dyra dei har betalt for.  Andre grunneigarar i same bygda driv aktivt landbruk,  og har som mål å dyrke mest og best mogleg grovfor av god kvalitet på innmarka si.   I altfor mange bygder er bestanden av hjort for stor, noko som medfører eit uakseptabelt høgt økonomisk tap for grunneigarar som driv som aktive bønder. 


Bønder, som har teke store kostnader med å gjerde inne eige areal med hjortegjerder melder om gode avlingar etter at tiltaket er gjennomført.   Kostnadane med eit slike gjerde er svært høg, og det er totalt urealistisk å tenkje seg at Vestlandsbonden skal gjerde inne alt grovforareal. Mange teigar, bratte areal, store totalareal og på sikt eit uoversikteleg vedlikehald gjer at dette er urealistisk å gjennomføre.   Det einaste realistiske tiltaket er å redusere hjortebestanden vesentleg.


Tildelinga av tal løyver må hevast vesentleg dei komande åra, og skal vi få gjort noko på kort sikt må tildelinga av frie løyver aukast.  Vi ser at dei har gjort det slik i Lærdal, Årdal og Aurland, og dei auka avskytinga monaleg siste året.   Bakgrunnen var CWD (Skrantesjuka) og faren for smitte mellom reinsdyr og hjort.    Skal ein få ein varig reduksjon av hjortebestanden må avskytinga aukast monaleg dei komande 2-3 åra.  Eitt år med auka avskyting vil ikkje vere tilstrekkeleg.    Grunneigarane må bli flinkare til å jakte, og dei må jakte meir.  I tillegg må vi lære opp framtidige generasjonar, slik at vi sikrar rekrutteringa til fleire jegerar.   Dette er eit ansvar som kviler på oss som grunneigarar, men også interesseorganisasjonane og kommunane.

 

Sogn og Fjordane Bondelag

Ole-Ivar Åm Sognnes
Nestleiar