Det var ein turkledd gjeng som møtte opp ved Hjortegarden i Ålfoten, der Fylkesmannen i Vestland, Bremanger kommune, Skogselskapet i Sogn og Fjordane og Vestskog inviterte til fagdag med temaet hjort, skog og gras. Første post på programmet var å inspisere hjorteskade på plantefelt. Merete Larsmoen frå Fylkesmannen i Vestland leia oss saman med Bjørn Henry Martinussen frå Bremanger kommune opp i plantefeltet. Her kunne ein tydeleg sjå kor hjorten hadde kosa seg i den unge skogen, omlag samtlege nye tre hadde fått avbiten toppen. På dei eldre trea kring det nye plantefeltet kunne vi òg sjå tydelege spor av barkgnag på stammane.

Hjorteskade på plantefelt, samtlege toppar var bitne av.

Området rundt Ålfoten er ganske spesielt når det kjem til hjort. Bjørn Henry Martiniussen, skog- og utmarkskonsulent i Bremanger kommune fortel at om vinteren trekk hjorten frå andre områder til Ålfoten, og går og beitar på dei frodige skogane. Som følgje av dette blir det store skadar på skogen, både på nyplanta tre der hjorten forsyner seg av toppskota, men òg på større tre der hjorten gneg barken av trea, som medfører råteskader og forringa verdi av skogsteigane.

Det er krav til forynging av hogstareal, men Martiniussen kan fortelje om områder der dei plantar ut ny skog, så kjem hjorten på besøk og riv opp dei nye plantene og bit toppen av dei. Somme plassar har dei prøvd å plante på nytt både 2 og 3 gonger på same feltet, med same resultat. - Ein kan då stille seg spørsmålet om det er fornuftig å bruke fellesskapet sine pengar på å plante på nytt når hjorten kjem og ødelegg gong på gong.  

Bjørn Henry Martiniussen, skog- og utmarkskonsulent i Bremanger kommune.

Vidar Jørdre frå Vestskog orienterte om arbeidet til Vestskog. Det har vore mykje hogst dei siste åra, og Vestskog reknar med å setje ut ca 1,3-1,4 millionar nye planter berre i 2019. Dei prøver å plante halvparten på våren og halvparten på hausten og ser at haustplanting kan ha fordelar i forhold til hjorten. På denne tid av året er det andre vekstar hjorten heller vil beite på og dermed er det sjans for at fleire av plantane klarar seg og slår rot før hjorten kjem og riv dei opp. Samstundes kan haustplantinga by på andre utfordringar, t.d. i forhold til om planta blir sterk nok til å tåle vinteren.

Vidar Jørdre frå Vestskog.

Å halde hjorten vekke frå skogen vil vere vanskeleg, men gjennom diskusjonen kom det fram ulike forslag til kva ein kan gjere for å redusere skadenivået. Her vart det mellom anna diskutert inngjerding av plantefelt, auka felling av hjort, omprioritering av kva dyr som blir felt og val av tidspunkt for utplanting tilpassa dei ulike områder.