Høgt beitetrykk frå ein stadig større hjortestamme, samt øydelegging av rundballar/forsekkar som hjorten bit hol i, blir nemnt som utfordringar hjorten byr på for bøndene. Men er hjorten kun ei pest og plage for bonden eller kan hjorten ha potensiale for næringsutvikling og inntekt?

Samson Øpstad frå NIBIO Fureneset har forska mykje på hjort og beiteskade på både innmark og skog. Øpstad ser at vårbeitinga og vinterbeitinga får store konsekvensar for graset, ikkje berre i forhold til mengde men òg kvalitet. Det store beitepresset gjer at enga kan kvalifiserast som gammal eng allereie etter 5 år, og forynginga må skje oftare. I områder med mykje hjort, utgjer skade på beite ca 1000 kr i avlingstap per dekar for bonden. I dette reknestykket er det ikkje tatt omsyn til at belastinga frå hjorten fører til at beita må foryngast oftare.

Samson Øpstad, NIBIO Fureneset.

- Vi må fokusere på å redusere skadomfanget framfor å etablere erstatningsordningar, seier Anders Felde som var ein av innlegghaldarane. Eit av tiltaka han nemner er inngjerding av rundballar/etablering av rundballelager. - Det fins støtteordningar for å gjerde inn frukt- og bærgardar, men det er ikkje realistisk å gjerde inn all beitemark på Vestlandet, ei heller er det ynskjeleg. Løysinga er heller å redusere hjortebestanden og ta ut meir dyr. Felde ynskjer å opne opp for å kunne starte jakta tidlegare på innmark og auke avskytinga av kolle.

Felde viste til statistikk frå SSB der det går fram at det blir gitt fleire fellingsløyver på hjort, men vi har ein nedgang i avskyting i Sogn og Fjordane og dermed ein fellingsprosent som har gått kraftig ned. Tala syner òg ein sterk auke i påkøyrsel av hjort og tala på døde dyr som har blitt funne har gått opp. I tillegg er slaktevekta i enkelte områder sterkt fallande, noko som kan sjåast som eit sjukdomsteikn. - Er ein av prisane av dagens forvalting ei dårleg dyrevelferd som blir verre og verre? spør Felde.

For nokon bønder har hjorten blitt ei viktig tilleggsnæring. Lars Endre Myklebust frå Svoda Samdrift DA har saman med andre grunneigarar gått i lag og starta Myklebust Grunneigarlag DA, og lev av både mjølkeproduksjon gjennom samdrifta og sal av jaktopplevingar gjennom grunneigarlaget. Dei har løyst problematikken kring beiteskade med å ha tidleg utkøyring av husdyrmøk slik at dei pressar hjorten av bøane tidleg, og rundballar blir samla og gjerda inne slik at dei unngår skade. I tillegg har dei fokus på å ta ut kalv og "kroniske innmarksbeitarar" for å minimere skadeeffekten av hjorten. Slik har dei klart å gjere hjorten til ein viktig ressurs for grunneigarane.

Hjorten til Hjortegarden i Ålfoten.

Espen Stokke frå Landbruks- og matdepartementet viste til den ny-utarbeida Handlingsplan for næringsutvikling basert på høstbare viltressursar. Formålet her er å få fram næringsinteressa, få fram verdiskapingspotensialet på jakt som eit opplevingsprodukt, samt forslag til tiltak for satsing og utvikling. Ein rapport frå NINA viser at i dag har viltjakt ein samla verdi på ca 2,1 milliardar kroner. Potensielt kan dette auke med 2 milliardar dei neste 10 åra. - Vi har ein historisk høg hjortebestand, og hjorten er klimavinnaren som nyt godt av dei milde vintrane. Det er dermed viktig at bestanden blir forvalta i forhold til beitegrunnlag, bestandsutvikling, skadar på naturmangfald, skog og jordbruk. Stokke oppmoda til dialog mellom lokale og regionale aktørar i hjorteviltforvaltinga, seier Stokke.