I jaktåret 2019/2020 vart det felt i overkant av 46 300 hjort i Noreg. Sogn og Fjordane har saman med Hordaland og Møre og Romsdal vore dei tre største fylka på hjortejakt. Tal frå SSB viser at i jaktåret 2019/2020 hadde Sogn og Fjordane fellingsløyve på 19 396 hjort, men kun 12 953 hjort vart felt. Dette utgjorde ein fellingsprosent på 67%, på landsbasis var fellingsprosenten 72%. Fellingsprosenten i jaktåret 2018/2019 var òg på 67%. Ser vi på dei siste 10 åra, har gjennomsnittleg fellingsprosent vore 69%. Høgast var den i jaktåret 2017/2018 då fellingsprosenten var 77%.

Det er med andre ord ikkje rart at hjortestamma i Sogn og Fjordane veks. Og likt med at hjortestamma har auka dei siste åra, har òg utfordringar knytt til beiteskade, skade på skog og rundballar blitt fleire. Forskarar frå NIBIO har studert beiteskade på eng, og ser at ein konsekvens av mykje hjortebeiting gjer til at enga blir forringa mykje raskare enn områder utan beiting frå hjort, og at ein må fornye enga på kortare intervall. Skadane på skog er òg store, både i form av barkgnag som øydelegg kvaliteten på tømmeret og at hjorten bit toppen av nye plantar.

Ein måte å få bukt med desse problema på er å auke fellingsprosenten.  Fleire må ut på jakt. Hjorten er slik sett òg eit potensial for inntekt for grunneigarar med jaktrettar. I ein rapport frå NINA kjem det fram at viltjakt har ein samla verdi på ca 2,1 milliardar kroner. Potensielt kan dette auke med 2 milliardar dei neste 10 åra. Fleire grunneigarar tilbyr i dag jaktopplevingar til andre, og snur hjorten frå å vere eit problem til å gje ekstra inntekt.

Hjortejakta er ikkje berre forvalting, matauk og tradisjon. Den byr òg på fantastiske naturopplevingar! Foto: Jan Helge Hjelmeland

 

Øving gjer meister

2020 er annleisåret òg når det gjeld jaktprøva. Som følgje av restriksjonane korona medførte, vart det bestemt at skyteprøva frå 2019 skal gjelde for 2020. Det vil seie at alle som bestod skyteprøva i fjor og har rapportert at dei jakta storvilt i førre jaktår, får automatisk påført gyldig skyteprøve for 2020 på sitt digitale jegeravgiftskort. Sjølv om jegerprøva di er gyldig frå i fjor kan det vere greit å ta oppskytinga på nytt i år. Vi har alle godt av øving, og i tillegg er det ditt ansvar å syte for at våpenet ditt og du sjølv er klar for jakta.

Foto: Kåre Olav Hatlebrekke

 

Hugs rekruttering!

Det er viktig at jaktgleda og kunnskapen går vidare til neste ledd, så hugs å ta med deg den yngre generasjon på jakt.

Tidleg krøkast...ta med borna dine elller andre unge som er interessert i jakt. Foto: Kåre Olav Hatlebrekke

 

Mona Hatlebrekke har jakta i mange år og tykkjer det er ein fantastisk hobby som gir ho mykje glede. Ho er med på både hjortejakt og elgjakt, og er gjerne med og hjelper andre. Her frå hjortejakt i Aurland. Foto: Kåre Olav Hatlebrekke.

LUKKE TIL MED VIKTIG JAKT -  Nauturopplevingar, forvaltning, matauk og skadereduserande :)