EIN NY KVARDAG: Gert Runar Rørvik underviser elevane på Mo frå heimen sin. Han har heimekontor saman med dei fire borna sine. Ludvig er fotograf, og er difor ikkje med på bilete.

 

- Eg underviser i administrative fag. Faga heiter økonomi og driftsleiing, og gardsdrift.

Det fortel Gert Runar Rørvik. Han har jobba på  Mo og Øyrane vidaregåande skule, avdeling Mo, i 22 år. Aldri før har han vore i ein liknande situasjon med nettundervisning.

- Det er første gong er borti akkurat denne type undervisning. Me brukar Teams,  det starta me å bruke for cirka eitt år sidan. Sidan me hadde litt erfaring, tok det ikkje lang tid før ting gjekk bra.

 

Er nøgd

- Det går ganske bra å undervise digitalt.

Rørvik fortel han er heldig som underviser i teoretisk retta fag.

- Eg trur det er lettare enn å undervise i meir praktiske fag.

 

Skal vera klar til eksamen

- Målet er at elevane skal vera klare til å ta eksamen.

Rørvik fortel at det krev meir av han å undervise digitalt.

- Det gjere det, men eg må seie eg er positivt overraska over kor bra nettet har fungert. Me har vel hatt ein elev, som hadde litt problem med å logge seg på. Men det heng nok også saman med kvar ein bur.