- Deltakarane i møtet var opptekne av rekrutteringa til dei ulike delane av næringa, og av korleis ein kan legge til rette for ein god distribusjon av produkta deira, seier Myren.  For mange er distribusjonen både tidkrevande og kostnadskrevande med dagens løysingar.  - Det vart også drøfta på korleis dei kunne sitje att med ein større del av verdiskapinga i konkurranse med større reiselivsverksemder, seier Myren.  Skal ein lukkast er vi avhengige av at andre aktørar også nyttar produkta våre og sel desse, men vi må syte for at produsentane får sin rettmessige del av verdiskapinga, vart sagt.

- Eg fekk inntrykk av at det er krevande å drive ein organisasjon med avgrensa økonomiske midlar, seier Myren som likevel let seg imponere av pågangsmotet og kunnskapen til deltakarane. Hanen Vestlandet har 103 medlemer, og ei undersøking som har vore gjennomført mellom medlemer over heile landet syner ein stor optimisme for framtida hos dei som driv innan denne bransjen, likevel opplever vi ein redusert interesse for å starte opp nye verksemder i vårt fylke, seier Myren, og viser til tal frå innovasjon Norge som syner reduserte løyvingar til nye næringar i 2011.  Det kan vere ulike grunnar til dette, men det er viktig å ha fokus på rammevilkåra for dei som ynskjer å etablere seg med nye verksemder inna lokal matproduksjon og småskala reiseliv, samstundes som ein legg til rette for å utvikle dei som allereie er starta opp. 

Helge Terje Fosse (bilete) let seg overtale til å innta leiarposisjonen i laget.  Nye styremedlemar vart Bente Getz og Arne Fykse. Medan det vart attval av Inge Menes.  Jan Tjosås (leiar til no og leiar sentralt) går inn som 1. vara medan Gro Sveen vart vald til 2. vara.