Kari Sigrun Lysne frå Lærdal møtte frå fylkesstyret. Ho informerte om mogelegheiter og utfordringar med fire nye år med blåblå regjering.  Ho snakka og om stoda i grøntnæringa og svara på spørsmål.  Rullering av arealplan og jordvern var og tema.  Av aktivitet vil Moe særskilt nemne gardsbesøk for elevane i 8.klasse ved Hafslo barne- og ungdomsskule.  Dei fekk ein lærerik dag på tre ulike garsbruk. Dei studerte husdyrhald og jammen fekk die ikkje innblikk livet i jorda også.

Matproduksjon og sjølvforsyning - fråsegn til fylkeslaget

På årsmøtet vart det gjort samrøystes vedtak om å sende følgjande fråsegn inn til fylkeslaget:   Me er i dag vitne til stor overprodukjon av sau og lammekjøt, men mjølkeproduksjonen både på geit og ku , stangar og i taket . Det er fleire årsaker til dette, men auka import av kraftfor må ta ein stor del av skulda. I 2009 var under 30% av råvarene i kraftfor importerte. Denne delen er no komen  opp i over 50 %.  Samstundes opplever me at grasareal går ut av produksjon og gjengroing av utmarka berre aukar.

Hafslo bondelag krev at bondeorganisasjonane og staten gjer norsk gras og beiteproduksjon meir lønsam i høve import av kraftfor.  Produksjon av mjølk og kjøt på norsk korn, gras og beite er fornuftig i gode tider og heilt avgjerande i krisetider.