- I regjeringserkleringa har Venstre pressa FRP og Høgre til å blir med på avvikling av pelsdyrnæringa, sa Felde. 

For rundt eit år sidan vedtok fleiretalet på Stortinget berekraftig utvikling av næringa, med ei nytt velferdsprogram for pelsdyr som hadde gitt verdas beste dyrevelferd for rev og mink.

- Inga «bombe» sett med Venstrebriller. Men uforståeleg og provoserande opptreden frå næringspolitikarane i Høgre og FRP. Å strø om seg med ulike politiske vedtak i både den eine og andre retninga er useriøst og ei uverdig handsaming av ei viktig næring. Næringspartiet Høgre som ville «sleppe bonden fri» i det eine øyeblikket, innfører næringsforbod i det andre. Dette må kunne kallast eit svik av Høgre og FRP.

 

- Dyrevelferda skal vere på topp i norske fjøs

-Vi har eit produktivitetspress på oss, både når det gjeld tidsbruk og produksjon. Likevel skal vi bruke tid i fjøset slik at dyra våre har det så godt som råd. 

Felde prata vidare om kor viktig dyrevelferd og dyrehelse er for norsk landbruk, og at ein ligg heilt i verdstoppen.

- Eg meiner vi har grunn til å framheve dette framleis, men då må vi minne kvarandre på kor viktig kvalitetsstempel dette er for landbruket og for oss som driv som bønder. Eg helsar Mattilsynet velkomen i Norske fjøs, saman kan vi løfta næringa til nye høgder.

 

Her kan du lese heile talen til fylkesleiar Anders Felde.