Foto: Lærdalsmarknaden

 

- Eg håpar det vert minst like kjekt i år som i fjor,  seier Jon Tamnes i Lærdalsmarknaden. 

Han fortel at ein vil finne rundt 40-50 ulike typar frukt og grønsaker i år. I tillegg er det meste lokalt. 

- Dette er ein marknad som høver for alle som er glad i mat. Vidare kan ein gjere ein god handel her. Me har sjølvsagt andre ting enn mat også, mellom anna klede og sportsutstyr. 

 

Sosialt

Foto: Lærdalsmarknaden

 

På Lærdalsmarknaden kan ein treffe mange, det er ein fin stad å vera.

Ifylgje Tamnes byr også Lærdalsmarknaden på konkurransar.

- I år har me for eksempel ein syltetøykonkurranse. Fristen for å melde seg på har endå ikkje gått ut, så her er det berre å vera med. 

 

Håpar folk tek turen

Foto: Lærdalsmarknaden

 

- I år vil det vera 40-50 stands, så eg håpar folk kjem. 

Kvifor skal folk ta turen?

- For å handle produkt, hamstre litt og oppleve folkelivet i vakre Lærdal. 

 

For meir informasjon om haustmarknaden i Lærdal, klikk her. 

 

 

Bileta har me fått løyve til å bruke av Lærdalsmarknaden