Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag er langt frå imponert over det nye statsbudsjettet når det gjeld landbruk. Regjeringa kjem med nye milliardar i koronatiltak, men ingen av dei er løyva til landbruket. Klimasatsinga i landbruket er heller ikkje fylgt opp frå regjeringa si side.

- Av alle tidspunkt så er NO eit godt tidspunkt å komme med midlar til bygging og investeringar i landbruket, seier Felde. Med kravet om lausdrift i all mjølkeproduksjon innan 2034 er behovet for investeringsmidlar i landbruket stort. Allereie til sommaren i år var IBU-midlane(investering og bedriftutviklingsmidlar) brukt opp i samtlege fylker unnateke Troms og Finnmark. Då hadde 224 mjølkebruk fått stønad før potten var tom. Per i dag vert om lag 60% av mjølka i landet produsert i båsfjøs, og skal alle flyttast over til lausdrift innan 2034 krev det at 400 bruk blir lagt om til lausdrift årleg.

- Når koronasituasjonen har ført til store økonomiske utfordringar i næringslivet over heile landet bør ein sjå på kvar moglegheit til å skape auka aktivitet lokalt. Investeringar i landbruket får enorme ringverknadar for lokale og regionale bedrifter. I tillegg er det med på å vidareutvikle eit konkurransedyktig landbruk, seier Felde
 

Kor vart det av klimasatsinga?

Det er eit stort behov for klimaverkemiddel i landbruket som stimulera til utvikling av ny teknologi og investeringar i klimaløysingar på garden. Landbrukets Klimaplan legg opp til å redusere utsleppa og auke karbonbindinga i jorda. Mange av tiltaka vil krevje store økonomiske løft for bonden, og då er det naudsynt med verkemiddel og ordningar som kan utløyse investeringsvilje både hjå dei som utviklar ny teknologi og hjå bonden. Dette blir ikkje fylgt opp i statsbudsjettet.

- Vi skal gjere vår del av avtala men det avheng av at regjeringa er med på å tilrettelegge for dette, seier Felde.
Felde etterlyser at klimatiltak i jordbrukssektoren ikkje får ta del i milliardane som er løyva til ENOVA. - Gjennom å gi ENOVA ansvar for ei landbrukssatsing i form av eit jordbruksprogram, ville ein ha eit målretta verkemiddel for å utvikle ny landbruksteknologi OG få den ut på marknaden slik at bonden kan bruke den, seier Felde. Ein meir spissa og sterkare innsats må til for å få fart på utviklinga av grøn, norsk landbruksteknologi. Ny teknologi er avgjerande for at vi skal nå klimamåla.

 

Mindre midlar til NVE for ras- og flaumførebyggjande tiltak

- Det er skuffande å sjå at løyvinga til NVE for ras- og flaumførebyggande tiltak har gått ned. Vi er avhengige av at bygdene får utvikla seg, og då er vi avhengige av å få sikra område som er ras- og flaumutsette. Det er klart at dette er viktig for å gjere det tryggare og meir attraktivt å bu her, og dessutan vil slike tiltak medverke til at kommunane slepp å ta viktig landbruksjord for tilrettelegging av bustadfelt og næringsareal, seier Felde. - I tillegg ville dette vere eit smart tidspunkt å gi større løyvingar på for å få opp aktiviteten i distrikta, noko som er sårt tiltrengt i desse korona-tider, held han fram. - At ein ikkje satsar meir på førebygging i forhold til ras og flaum er provoserande med tanke på at vi går inn i ei tid med "røffare" klima.

Det vert òg løyvd mindre midlar til breibandutbygging i distrikta. - Breiband er viktig for distrikta. Det er eit mål om å halde heile landet i bruk og då må denne typen infrastruktur vere på plass. Det har vi sett no i korona-tida med både heimeskule, heimekontor og digitale møter. Alle må ha like moglegheiter til å vere med.