KOMMUNIKASJONSSJEF I FELLESKJØPET: Thomas Skjennald.

 

- Me er som alle andre påverka av tiltaka for å hinde smitte i samfunnet, seier Thomas Skjennald.

Han fortel at det er fleire i arbeidsstokken som sit i karantene, men at dei likevel har klart å ha full drift så langt.

- Bonden får bestilt varer, og butikkane er opne. Alt i alt går det bra med oss i Felleskjøpet. Me jobbar på spreng for å halde drifta i gang, og har eit særskilt ansvar for å sikre mat til husdyra.

 

Tiltak og hamstring

- I butikkane har me gjennomført fleire smitteverntiltak. Me har hyppigare reinhald, passar på at folk held avstand, har sett fram antibac og skal snart få plexiglass rundt kassen.

Skjennald fortel at det ikkje har vore særleg hamstiring på butikkane, og ar dei har bedt folk handle som vanleg.

- Me har likevel ikkje støvmasker, handskar og eingangsdressar liggande framme i butikk. Dersom det sto framme, er me redd det fort kunne blitt tomt. For å sikre at det er bøndene som får tak i akkurat dei produkta, har me teke dei ut av varehyllene og lagt dei inn på lageret. Så hentar me fram etterkvart som bønder kjem og spør etter dei aktuelle varene.

 

Forsøker å finne det normale i det unormale

- Når det gjeld opningstider, er alt ope.

Han opplyser om at det er nokre butikkar som har redusert opningstid,  då dei har hatt utfordingar med bemaning. Det skal vere snakk om 7-8 butikkar.

- Det er spesielle tider for oss alle, men me får gjere så godt me kan i denne utfordrande situasjonen avsluttar Skjennald.