Årsmøte var i Rådhuset i Askvoll i byrjinga av november.  Leiar Ole Andre Klausen leia møte.  Han orienterte om aktiviteten i laget og erkjente at den kunne ha vore betre, men det hadde vore brukt tid på arbeidet med ny Stortingsmelding og på brotet i årets jordbruksforhandlingar.    Nils Magne Gjengedal representerte fylkesstyret i møtet og han snakka om det positive med å møte representantar frå andre lokallag på fylkesdekkande samlingar.  Der kan ein bygge nettverk og ta med seg heim gode idear til aktivitet i eige lokallag.  Gjengedal la vidare vekt på kor viktig det vil vere å arbeide inn mot politikarar og næringsliv elles i kommunen for å synleggjere samspelet mellom dei ulike næringane i kommunen, offentleg sektor og tilgjengelege tenester for innbyggjarane. -  2013 er eit valår, og det er viktig at de i Holmedal og Askvoll Bondelag kjem i dialog med dykkar politikarar for å synleggjere landbruket sin plass og viktigheit saman med anna næringsliv i kommunen oppmoda ein tydeleg Gjengedal.

To av styremedlemene hadde sagt frå seg attval.  Det var Sigmund Rivedal og Arvid Håland som vart takka for innsatsen av leiaren.  Det nye styret ser slik ut: Leiar Ole Andre Klausen, Arild Olset, Jens Helgheim, Jostein Kumle og Kari Ringstad.  1.vara:Jan Ruben Hegrenes  og 2.vara:Åge Helle ny.

 Frå venstre: styremedlem Jens Helgheim, Leiar Ole Andre Klausen, 1.vara Jan Ruben Hegrenes og styremedlem  Arild Olset.