Sogn og Fjordane er det største hjortefylket i landet.  Både i 2017 og i 2018 vart det skote fleire enn 12.000 hjort i fylket.   Likevel veks stammen, og med det skade både på innmark og skog.  Fellingsprosenten er 100% i nokon få vald, men i for mange vald er fellingsprosenten ned mot 60% og lågare.  Skal ein betre fellingsprosenten, og lukkast med å felle fleire dyr, krevst det dyktige jegerar som ynskjer å bruke mykje tid på jakt.  Jobben gjer seg ikkje sjølv.  Om du ikkje vil jakte sjølv, kan du gjerne la andre få høve til å jakte i ditt terreng.  Du kan til dømes leige vekk jakta og tene nokon kroner på den.

Til deg som sjølv ynskjer å jakte, så vil vi oppmode deg om å trene.  Gjennom trening på skytebana vert du tryggare. Særleg er dette viktig for uerfarne jegerar.  Kanskje erfarne jegerar kan vere mentorar for yngre og meir uerfarne jegerar?  Kvifor ikkje ta med deg ein yngre jegar på jakt?

I desse dagar er det mange skyttarlag kring i heile fylket som ved hjelp av dugnad held opne skytebaner der du både kan trene og til sist avlegge skyteprøva før årets jakt.  Denne friviljuge innsatsen som vert gjort på skytebanene er ein viktig del av hjorteforvaltninga.  Applaus til dei som legg til rette for at skytetrening kan skje, og lukke til med jegerprøven til alle jegerar i fylket. 

Skadepresset på eng må reduserast ved at hjortestammen vert redusert.  Det er ein stor jobb som må gjerast ved å betre fellingsprosenten og skyte fleire hjort.