Mange søkjer elektronisk og slepp å ta omsyn til postgang og opningstider på kommunale landbrukskontor, men for dei som framleis leverer papirsøknad er fristen 20. august. Postleggingsdato bør vere dokumentert eller søknaden må vere levert til landbrukskontoret innan fristen. Det skriv fylkesmannen på nettsidene sine. 

Søknader som er levert etter den 20. august vil få eit trekk på kr 1 000 per dag. 

Informasjon om ordninga finn ein på Landbruksdirektoratet