Har du høyrt om arbeidsplassen.no?

Publisert 24.03.2020
  • Tips en venn om denne siden

På Arbeidsplassen har NAV samla nye, sjølvbetjente løysingar som gjer at jobbsøkarar og arbeidsgjevarar kan finne kvarandre.

 

Skjermdump, arbeidsplassen.no.

 

- Arbeidsplassen.no er ein ny møtestad der arbeidssøkarar og arbeidsgjevarar kan finne kvarandre, seier Renate Birkeland.

Ho jobbar som rådgjevar i NAV Lærdal. I tillegg er ho marknadskontakt for NAV i Lærdal og Aurland. Birkeland fortel også at NAV eig tenestene på arbeidsplassen.no. 

- Dette er største plassen når det gjeld ledige registrerte stillingar, og det kostar ingenting å bruke nettsida. 

 

Finn kvarandre

- Som arbeidsgjevar kan ein logge seg inn via id-porten å publisere stillingar. Arbeidsgjevarar kan også søke etter kandidatar kostnadsfritt.

Birkeland fortel at ein som jobbsøkar ikkje treng å  logge seg inn for å sjå på stillingane, då jobbsøkarane kan gå rett inn å søke etter stillingar på nettsida.

- Men jobbsøkarar må logge seg inn dersom dei vil registrere CV eller lagre interessante stillingar som favorittar.

Birkeland seier at nettstaden er svært populær, og er godt besøkt.

- I snitt har tenesta hatt cirka 700.000 unike brukarar i månaden, og kvar dag opnar arbeidsgjevarar rundt 8000 cv-ar.

 

Slik gjer du det

- Eit godt råd til arbeidsgjevar er å fylle ut mest mogleg relevant informasjon om stillinga før dei legg den ut.

Borkeland fortel at skulle ein bonde ha bruk for hjelp på garden kan vedkomande gå inn på nettstaden å opprette ei stillingsannonse der, eller søke etter kandidatar som alt ligg inne i systemet.

- Jobbsøkande kan også registrere CV-en sin i systemet. Då er det viktig at opplysningane i denne er oppdaterte.

Dersom ein skulle ha behov for hjelp, seier Birkeland, må den enkelte ta kontakt med sin lokale marknadskontakt ved sitt lokale NAV-kontor. Når det gjeld landbrukstenestene kan dei også kontakte NAV direkte, om dei treng hjelp til å finne arbeidskraft/avløysar.

- Det er viktig å samarbeide godt, og hjelpe kvarandre. Det er viktig å hugse på at med alle permiteringane som skjer rundt oss no, kan det vera nyttig arbeidskraft for landbruket inne på nettstaden.

 

- Må hjelpe kvarandre

LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde.

 

- Arbeidsplassen.no er ein god plass for bøndene i fylket å registrere at dei har behov for arbeidskraft utover året, seier Anders Felde.

Leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag fortel at det er viktig å vere på tilbodssida når arbeidsløysa, og tal permiteringar stig så dramatisk som det gjer no.

- Berre i Vestland fylke er arbeidsløysa på 10% prosent.  Eg meiner at arbeidsplassen.no er ein god stad for bøndene å vere. Det er mange som er inne på nettsida kvar dag, held Felde fram.

 

Oppmodar bøndene om å registrere seg

- I tillegg til arbeidsplassen.no er også norske landbrukstenester ein stad bønder kan ta kontakt for å få tak i arbeidskraft.

Felde ber folk til å gå inn på nettsidene å registrere seg.

- Om ein er arbeidsledig eller permitert, er dette også ein god plass å tilby arbeidskrafta si til landbruket.

Felde fortel at det vert jobba med å få til eit frikort for dei som er permiterte, slik at dei ikkje vert straffa for jobben dei skal gjere i landbruket.  Det betyr at ein kan tene ein viss sum utan det påverkar utbetalinga av dagpengar.

- Me har utfordra Regjeringa på det, og me håpar å få til ei ordning relativt fort. Avsluttningsvis vil eg legge til at frukt-, grønt- og bærnæringa er heilt avhengig av utanlandsk arbeidskraft også i år. Sesongarbeidarane sit på kompetanse og erfaring som næringa er heilt avhengig av for å få ein normal sesong.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde.

 

-

 

 

 

 

 

Les meir om arbeidsplassen på NAV sine sider.

Tid for saktemat

Lammelår er for mange ein like viktig del av påska som påskekrim, påskeegg, påskeharen og påskelabyrinten. Her kjem tips til påskeklassikaren, kanskje du skal grave den ned?

Ringorm-seminar

Ringorm-seminar

3.mars vart det arrangert ringorm-seminar i Oslo, sjå seminaret på video her.

- Eg ser lyst på beitesesongen

- Eg ser lyst på beitesesongen

Landbruks- og matdepartementet har fastsatt reglar som gjer det mogeleg å bruke ulike typar salt til beitedyra i Nordfjella.

Her underviser Gert Runar elevane

Her underviser Gert Runar elevane

Gert Rune Rørvik underviser på Mo og Øyrane vidaregåande skule, avdeling Mo. For tida har han nettundervisning for elevane grunna koronaviruset. Heimekontoret deler han med borna sine.

- Me har sett i gang tiltak

Aukar beredskapen

Koronaviruset gjer at landbrukstenester Sogn SA har auka beredskapen.

Våre samarbeidspartnere